Krossbu | Turisthytte

TypeFjellstue

Sognefjellsvegen 4688, 2687, Bøverdalen

Sjekk tilgjengelighet forKrossbu | Turisthytte (Åpnes i et nytt vindu)

+47 970 01 267

Elva renn forbi Krossbu turisthytte om sommaren.
  • Elva renn forbi Krossbu turisthytte om sommaren.
  • Smørstabbtindane i Jotunheimen i vårsola.
  • Myrull og grøne fjellsider ved Krossbu.
  • Like bak husene på Krossbu renner en liten fjellbekk
  • Fantastisk utsikt over Smørstabbtindane fra Sognefjellsvegen
  • Utsikt mot Fanaråken og Steindalsnosi.
  • Merket tursti stein i front med Smørstabbtindane i bakgrunn
  • Krossbu turisthytte i vinterdrakt
  • Krossbu turisthytte med Store Smørstabbtind i bakgrunnen.
  • På Randonné til Smørstabbtindane i flott vintervær.
  • Smørstabbtindane i vintersol

Om

Krossbu turisthytte frå 1901 er ei av dei eldste turisthyttene i Noreg. Hytta ligg idyllisk til ved fylkesveg 55, som tek deg over Sognefjellet - Nord-Europas høgste fjellovergang. 

Du finn meir enn tjue fjelltoppar over 2000 moh. rundt Krossbu. Opp frå Leirbrean kronar dei majestetiske Smørstabbtindane, som er populære turmål både på ski og til fots. Lenger sør ligg Smørstabbreen, eit av dei største brepartia i Jotunheimen, og Bøverbrean, der du kan få minnerike opplevingar på brevandring i lag med ein guide. 

Det er moglegheiter for mange aktivitetar i området alle årstider; skiturar, fjellklatring, brevandring og fisking, blant anna. For dei som ynskjer å gå på langrenn er det fine løyper på Sognefjellet utover våren og til snøen smeltar i juni/juli. 

Krossbu tilbyr både rom inne i hytta og campingplassar til telt eller bubil/campingvogn. Inne kan du nyte ein god middag i den store spisesalen eller slappe av i eit av dei trivelege opphaldsromma. Kvar morgon blir det servert ein solid frukost, med heimebaka brød, med høve til å smøre seg niste før dagens tur. Ta med termos og få han fylt frå kjøkkenet. Kafeteriaen har sal av varmrettar, kaffe og anna. 

Krossbu er ein endestasjon, eller start om ein vil, for Høgruta i Jotunheimen  - ein 5-dagars skitur gjennom Jotunheimen. 

 

Velkomne til fjells!

 

 

 

Fasiliteter

Aktiviteter

  • brevandring
  • fiskemuligheter
  • fjellvandring
  • fotturer
  • grotting
  • Guidet tur
  • turstier
  • utendørs

Camping og hytte

  • all camping tillatt
  • campingavgift
  • sanitæranlegg

Generelle fasiliteter

  • dyr tillatt
  • familievennlig
  • oppholdsrom
  • parkeringsplass
  • peisestue
  • resepsjon
  • Restaurant/Cafe
  • WIFI

Kredittkort

  • MasterCard
  • Visa

Natur og terreng

  • elv
  • fjell
  • fotturområde
  • isbreer
  • nasjonalpark
  • turskiområde
  • utsikt

Romfasiliteter

  • babyseng tilgjengelig
  • røykfrie rom
  • wc og dusj/bad på rommet, (ikke på alle rom)

Skjenkerettigheter

  • alle rettigheter

Kart

Veibeskrivelse

Køyretid: Oslo – Krossbu: 5 - 6 timar  |  Trondheim – Krossbu: 5 timar

Avstand: Otta – Lom: 62 km  |  Lom – Krossbu (rv 55): 48 km

Opningstider

* Ope for booking.
Hovudsesong frå mai til midten av september.

Sjå meir

Group on a glacier hike on BøverbreenAktiv i Lom | Brevandring på Bøverbreen, LomYnskjer du nærkontakt med blåis - og ei turoppleving utanom det vanlege? Bli med på brevandring med Aktiv i Lom!

Høgruta i JotunheimenHøgruta i Jotunheimen er ein 5 dagars topptur i hjartet av Jotunheimen nasjonalpark. Ruta går over minst åtte brear og sju 2000-metertopper, inkludert Glittertind og Galdhøpiggen.

Ski mountaineering Storebjørn JotunheimenTopptur på ski: Storebjørn (2222 m.o.h.) frå Sognefjellet, LomTOPPTUR TIL STOREBJØRN (2222 m.o.h) Storebjørn er ein av dei mest populære toppturane i Jotunheimen. Bakfrå ser fjellet ut som ein sovande bjørn, og utsikta frå toppen er heilt rå! 

Topptur på ski: Store Smørstabbtinden frå Krossbu (2208 m.o.h.), LomStore Smørstabbtinden (2208 m.o.h.) er eit nydeleg toppturfjell med majestetisk utsyn til Smørstabbtind-massivet.

Topptur på ski: Sokse frå Krossbu (2189 m.o.h.)Sokse (2189 m.o.h.) er ein spennande toppturtopp i Smørstabbtindmassivet.