For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Store Smørstabbtinden frå Krossbu (2208 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Sognefjellsvegen 4688, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Product Image

Om

Turen til Store Smørstabbtinden er ca 5 km ein veg, og har ein høgdeforskjell på ca 950 meter. Den havnar da i klassa «middels tung» topptur. Det vert ikkje krav om brekontakt med denne bestiginga.

Beste utgangspunkt: Krossbu turisthytte, 1260 moh.
Høgdeforskjell: ca. 1000 høgdemeter.
Antatt tidsbruk: 4 til 6 timar tur-retur
Ver obs på: Skred- og utglidingsfare, særleg ved nordryggen.
Utstyr: Normalt toppturutstyr + isøks, stegjern og skarejern. Utstyr til bre er normalt ikke påkrevet.
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark og randonnée. 
Vegval: Vurderingskrevande. Gode snøforhald og vurdering av rasfare er ein føresetnad.
Brattaste parti: 40° bratt mellom 1900 og 2050 moh.

Utgangspunktet for turen er Krossbu, 1260 moh, og frå her ser du toppen og målet heile turen! 

Start med å krysse brua over Bøvra, og velg deg stigen som går på venstre side av elva Leira, som kjem oppe frå Leirbreen, ein del av Smørstabbreen. Terrenget er lettgått her i starten, og det skal vera greit å sjå seg ut den beste ruta. Bakken er heller ikkje for bratt. Hugs å ta deg tid til å snu deg, og nyt synet av Hurrungane og Fannaråken i sør-vest.

Etter litt flatar ruta ut, og du kjem opp mot brekanten av Leirbreen. Her ligg det ein liten bresjø som skal passerast på venstre side. 

Etter å ha passert denne bresjøen og kome deg opp på ryggen, så ser du nå Leirvatnet. Utsikta blir berre betre og betre nå. Du ser ryggen opp mot toppen godt, og du ser breen, og toppane bortetter Smørstabbtindmassivet. Eit mektig syn. Mest bekvemt er det å gå i ein noko meir nordleg boge mot Storbreatinden. Nordryggen har ei ganske bratt passasje som kan by på utfordringar.

På vinter og tidleg sumar, når snøen ligg, er dette ofte plassen der skia blir parkert, og enkelte gongar er det greit å ha ei lett isøks her. Når du har kome opp denne bratta, virkar det som om toppryggen flatar noko ut att, og ruta seier seg sjøl vidare opp og ut til toppen.

Vel framme på toppvarden får du ei utsikt som verkeleg kan ta pusten frå deg! Det blir ikkje betre enn dette!

Sjølve toppunktet kan nok for enkelte oppfattast som luftig, så ta det med ro og vis omsyn.

Returen går etter same rute som oppturen.

Beskrivingane av turane frå Sognefjellet er skrive av fjellførar Kjell Nyøygard. For den som ynskjer dagsferske rapportar, ta kontakt på www.fjellforer.blogspot.no

Turrapportar
www.peakbook.org

Snøkart
www.senorge.no

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Sjå meir

Krossbu Tourist Hut, with view over Store SmørstabbtindKrossbu | Turisthytte, LomKrossbu turisthytte er ei privat turisthytte frå 1901 som ligg idyllisk til ved Sognefjellsvegen, den høgste fjellovergangen i Nord-Europa.

Topptur på ski: Store Smørstabbtinden (2208 m.o.h.), LomTOPPTUR TIL STORE SMØRSTABBTINDEN, 2208 m.o.h. Vakraste vårskituren i verda!

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no