For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Turtips: Store Smørstabbtinden (2208 moh.) frå Krossbu

TypeTopptur sommer

Leirdalen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

  • Turtips Store Smørstabbtinden
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Store Smørstabbtinden (2208 moh.) er majesteten blant Smørstabbtindene, og den nest høgaste etter Storebjørn. Ein treng ikkje å krysse bre for å nå toppen - og ein går og ser opp på toppunktet heile turen! 

Stad: Jotunheimen, Lom kommune 
Beste utgangspunkt: Krossbu turisthytte, 1260 moh.
Lengde: 13 km tur-retur
Tid: 4-6  timar tur retur.
Stigning: Ca. 1000 høgdemeter
Vanskelegheitsgrad: Middels. Turen er ikkje merka, men delvis varda.
Ver obs på: Bratt siste stykket opp til toppunktet. Kan vere glatt og snødekt på seinsommar og haust. Fleire moglege vegval opp ura mot toppunktet. 

Store Smørstabbtinden er eit fjell sørvest i Lom kommune i Innlandet, mellom Sognefjellet og Leirdalen. Toppen har ei høgde på 2 208 meter over havet og er det 51. høgaste fjellet i landet. Du har kanskje vore her med ski på føtene, for dette er eit populært skifjell frå Leirdalen eller Sognefjellet. Men toppen er minst like spektakulær som turmål om sommaren og hausten. Om ein går turen frå Krossbu, kan ein nå toppen utan å krysse bre, og fjellet er difor meir tilgjengeleg enn dei andre Smørstabbtindane.

Utgangspunktet for turen er altså turisthytta Krossbu, som ligg sentralt til ved fylkesveg 55 Sognefjellsvegen, 1260 meter over havet. Her startar turen frå parkeringsplassen. Start med å krysse brua over Bøvra, og velg deg stigen som går på venstre side av elva Leira, som altså kjem ned frå Leirbrean, ein del av Smørstabbrean. Terrenget er lettgått i starten, og det skal vera greit å sjå seg ut den beste ruta. Bakken er heller ikkje særleg bratt. Hugs å ta deg tid til å snu deg, og nyt synet av Hurrungane og Fannaråken i sør-vest.

Etter litt flatar ruta ut, og du kjem opp mot brekanten av Leirbrean. Her ligg det ein lita bresjø som skal passerast på venstre side. 

Etter å ha passert denne bresjøen, har du to val:

1: Følge brekanten bort til bekken som kjem ned frå Leirvatnet, og gå til høgre for denne oppover mot Leirvatnet. Her er det bratt oppover lia.

2: Eit mindre bratt alternativ, og kanskje det enklaste, er å skrå nordaustover, altså halde slakt mot venstre for å kome deg opp på ryggen og runde høgde 1723 moh. på kartet. Deretter mot høgre over ryggen til du ser Leirvatnet (1682 moh.). Passer Leirvatnet på høgre side langs ryggen. Du har nå gått ca. 5 kilometer og har att berre ca 1,5 km. til toppen, men er halvvegs i talet høgdemeter - altså ca. 500 høgdemeter attstår mot toppen. 

Det går litt nedover til enden av Leirvatnet og du har hovudryggen rett framfor deg. Her skal du straks opp den brattaste delen av turen. Her er det fleire moglege ruteval mot toppen, men det lønner seg å halde seg litt i høgresida (søraustleg retning) oppover. Her er det tidvis ganske tydeleg sti, merka med varder av ulik storleik. Om du  går lenger ut til di venstre (på veg oppover), får du utsikt ned på Storebrean og ned til Leirdalen. 

Opp ryggen består terrenget av både frodig vegetasjon, i starten, og etterkvart steinur dei siste 200 høgdemetra. Det kan vere greit å hendene frie til litt klyving i det brattaste partiet. 

Etter det brattate partiet, flatar det litt ut att og ruta seier seg sjøl vidare opp og ut til toppen.

Vel framme på toppvarden får du ei utsikt som verkeleg kan ta pusten frå deg! Du ser ned på Leirbrean og bortover den kvasse tinderekka med Kniven, Sokse, Veslebjørn og Storebjørn. Bak i horisonten har du Hurrungane til venstre og Fannaråken og Steindalsnosi til høgre. Ein ser òg Sognefjellsvegen som slynger seg innover i landskapet. 

Sjølve toppunktet kan nok for enkelte oppfattast som luftig, så ta det med ro og vis omsyn. Vêr obs på kanten ved toppvarden. Her går det rett ned! 

Returen går etter same rute som oppturen.

Kart

Veibeskrivelse

Veibeskrivelse til kollektivtransport

Frå Lom: Følg Fv 55 Sognefjellsvegen vestover mot Sogndal, ca. 50 minutt (48 km.) og parker ved Krossbu. Om du kjem frå Fortun (Sogndal, Gaupne, Skjolden), køyr austover forbi Turtagrø og Sognefjellshytta i retning Lom. Krossbu Turiststasjon ligg like ved vegen.

Sjå meir

Krossbu Tourist Hut, with view over Store SmørstabbtindKrossbu | Turisthytte, LomKrossbu turisthytte er ei privat turisthytte frå 1901 som ligg idyllisk til ved Sognefjellsvegen, den høgste fjellovergangen i Nord-Europa.

Topptur på ski: Store Smørstabbtinden frå Krossbu (2208 m.o.h.), LomStore Smørstabbtinden (2208 m.o.h.) er eit nydeleg toppturfjell med majestetisk utsyn til Smørstabbtind-massivet. Denne turen går utanom bre!

Topptur på ski: Sokse frå Krossbu (2189 m.o.h.), LomSokse (2189 m.o.h.) er ein spennande toppturtopp i Smørstabbtindmassivet.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no