For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Sokse frå Krossbu (2189 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Sognefjellsvegen 4688, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Product Image

Om

Midt inne på Leirbreen, som er ein arm av Smørstabbreen, ligg Sokse med sine 2189 meter. Denne ser både vakker og spanande ut, med sine to tvillingtoppunkt. Dette er ein topp som er absolutt lettast gå på vinterføre, og mange vel å gå for akkurat denne, på ein solfylt påske­ eller vårskidag.

Beste utgangspunkt: Leirdalen, Krossbu eller Sognefjellshytta
Høgdeforskjell: Omlag 922 meter.
Antatt tidsbruk: 5 til 7 timar tur-retur
Ver obs på: Skred- og utglidingsfare.
Utstyr: Normalt toppturutstyr + isøks, stegjern og skarejern. Utstyr til bre må vurderast.
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark og randonnée. 
Vanskelighetsvurdering:
Opp:  Krevande
Ned: Krevande

Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevande. Gode snøforhald og vurdering av rasfare er ein føresetnad.

Med utganspunkt frå Sognefjellet peilar du deg inn på kvistaløypa som går mot Smørstabbreen og Leirvassbu. Frå Krossbu er det same kvistinga, men nærare. Denne fylger du oppover til du kjem inn på Leirbreen. Da vinklar du av kvistinga, og tek innover Leirbreen. Referansepunktet ditt nå, er Bjørnskardet, på ca 2000 moh. Pass på å ikkje dreie for langt inn mot midten av breen, da det her er ein større sprekkparti. Hald deg difor til høgre oppover.

Oppe i Bjørnskardet åpnar verda seg verkeleg. Nå ser du mesteparten av Jotunheimen sin ville natur. Frå Bjørnskardet skal du nå utover i ein travers, og bort i snørenna som går opp midt etter toppen. Denne har du nok gått og sett på oppover breen. Renna her er bratt, og det ein fordel med gode, stive sko her. Ei lita is­/snøøks er også godt å ha.

Ved hardfrosen snø lyt ein og vurdere stegjern. Ruta opp renna seier seg sjøl. Her går det seint, og ein må vise omsyn til andre bestigarar. Oppe dreiar du ut til høgre og opp på høgste toppunktet. Utsikta herifrå er heilt rå! Du får verkeleg att for strevet opp den bratte renna når du kan heise armane her oppe. Ned att må du ta det pent!
Rådfør deg gjerne med kjente fjellfolk før du tek turen.

Beskrivingane av turane frå Sognefjellet er skrive av fjellførar Kjell Nyøygard. For den som ynskjer dagsferske rapportar, ta kontakt på www.fjellforer.blogspot.no

Turrapportar
www.peakbook.org

Snøkart
www.senorge.no

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Sjå meir

Topptur på ski: Store Smørstabbtinden frå Krossbu (2208 m.o.h.), LomStore Smørstabbtinden (2208 m.o.h.) er eit nydeleg toppturfjell med majestetisk utsyn til Smørstabbtind-massivet.