For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Storebjørn (2222 m.o.h.) frå Sognefjellet

TypeTopptur vinter

Sognefjellsvegen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Ski mountaineering Storebjørn Jotunheimen
  • Ski mountaineering Storebjørn Jotunheimen
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

TOPPTUR TIL STOREBJØRN (2222 m.o.h)

Storebjørn er ein av dei mest populære toppturane i Jotunheimen. Bakfrå ser fjellet ut som ein sovande bjørn, og utsikta frå toppen er heilt rå! Som fleire av toppane, har også denne mange ruter. Her skal du få dei to vanlege frå vest, på Sognefjellet. 

Beste utgangspunkt: Krossbu turisthytte eller Sognefjellshytta
Høgdeforskjell: Ca.1100 høydemeter frå Krossbu
Tidsbruk: 5-6 timar (tur-retur)

Ver obs på: Utglidningsfare på øvre del av Bjørnbrean. Til dels store sprekkar på Bjørnbrean.
Utstyr: Normalt toppturutstyr + isøks, stegjern og skarejern. Vurder breutstyr.
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark og randonnée. Fjellski er best frå Krossbu. Lang anmarsj og flate partier gjer turen lite egna for snowboard
Klassifisering: 
Opp: Krevjande
Ned: Krevjande
Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevjande
Brattaste parti: Inntil 40° bratt siste 30 høgdemeter.

Frå vest har du ei artig og nydeleg rute opp til Storebjørn, som er er ein av gigantane i Smørstabbtindmassivet. Dette er ein tur som har det meste. Du får ein fin fjellsskitur, du får prøve deg i bratta, du får gått på bre, du kjem deg på ein høg topp, og du får ei fantastisk utsikt.

Med utgangspunkt frå Krossbu på Sognefjellet, er det berre å følge kvistaløypa som går mot Leirvassbu. Denne går i roleg terreng oppover ved Leira, så inn og opp på breen. Behageleg terreng, utan noko utfordrande bratte her. Etter å ha runda rundt Kalven inne på breen, får du nå auge på Storebjørn, der han avsluttar rekka som kjem frå nord. Eit stykke ned til venstre for toppen så har du ei skrårenne, som går frå breen og heilt inn på ryggen. Dette er adkomsten. Her må du ta nokre vurderingar. Nedanfor denne er det nemleg ei rett så gild bregleppe.

På normale snøvintrar og godt utover våren, er denne dekt/tett med snø, og ikkje så farleg. Men, så fort denne startar sprekke opp, må ein verkeleg passe på. Så, når denne startar å opne seg, er det ikkje å anbefale dette som ei trygg skirute utan sikringsmiddel. Når du så har kome deg opp denne renna, og opp på kanten, så har du enda ei ny utsikt for dagen. Nå ser du langt innover i Jotunheimen! Du kjem nå inn på ruta som kjem frå Leirdalen, og du skal opp den bratte Bjørnbreen opp til høgre. Her kan det ofte vera vekslande føre, og av og til er det ein fordel med stegjern her oppe, da snøen kan bli skikkeleg hard her. Fara for utglidning i denne bratta er såpass stor, at her må ein passe på. Ingen svimlande og smale passasjar, og etter nokre bratte meter står du endaleg på toppen! Eit storslagent syn! 

Det andre rutevalgen er om du tek av kvistaløypa like etter at ho kjem inn på Leirbreen. Du skal nå gå på venstre side av Kalven innover denne breen. Referansepunktet ditt er, Bjørnskardet, midt imot. Bjørnskardet ligg på vel 2000 moh, så du er rimeleg høgt allereie her. Oppover Leirbreen, må du passe på å ikkje dreie for langt ut til venstre, men halde deg på den «tryggaste» brebiten innover mot Kalven og Skeie. Oppe i Bjørnskardet er det som regel ein naturleg rast. Her bikkar det bratt ned på Bjørnbreen, og det er viktig å halde litt ut til venstre her ned, til breen flatar litt nedanfor, sving så oppover Bjørnbreen att, på ruta som kjem frå Leirdalen. Her skal ein ta høgde både skavlar og rasfare, både ned Bjørnskardet, og i sida mot Bjørnungen/Veslebjørn.

Breskituren frå her og upp er bratt, men fin. Eit godt sikk­sakk­mønster med skispor tek det trygt opp, sakte men sikkert. Ikkje alle vel å ta med skia heile vegen opp på toppen, men set dei ofte att nedom den siste verkeleg bratte kneika. Den er ikkje så lang, men den er både bratt og hard. Nyt denne toppen og turen, for dette er absolutt ein av dei finaste turane!

Rådfør deg gjerne med kjente fjellfolk før du tek turen.

Kart

Veibeskrivelse

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no