For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Nasjonal turistveg Valdresflye (FV 51)

TypeNasjonal Turistvei

Valdresflye, 2683, Tessanden

61219090

Nasjonal turistveg Valdresflye (FV 51)

Om

Nasjonal turistveg Valdresflye går mellom Garli og Hindsæter med avstikkar til Gjende. Strekninga er 49 kilometer lang (fylkesveg 51). Vegen er eit godt alternativ om du skal nordover, eller du kan legge den inn som ein del av mange rundturar.

Om Valdresflye:
Valdresflye er ei høgfjellsvidde i Øystre Slidre kommune i Oppland fylke. Vidda ligg helt aust i Jotunheimen. Fylkesvei 51 går over vidda i nord–sør-retning. Det høgaste punktet på vegen ligg 1389 meter over havet, og gjer dette til Norge sin nest høgast beliggande fjellovergang og veg for vanleg ferdsel etter Sognefjellet med 1434 m. Om vinteren har du tilgang på ei rekkje 2000-meterstoppar i området rundt vegen, og Valdresflye er difor populært for toppturar på fjellski og randonnee, og for vandring om sommaren. 

Sykling på Valdresflye: 
Å sykle over Valdresflye er ei stor oppleving. Vegen går langs austsida av Jotunheimen, og vart bygd for å bringe folk til fjells. Vil du stoppe og speide etter rein, er det fleire utkikksplassar langs vegen. Her kan du la pedalane gå og kjenne på kjensla av å fly frå toppen og ned forbi Gjende. Utsikta innover fjelltoppane i Jotunheimen er uslåeleg. Kaffe og kake på Beitostølen, Bygdin og Bessheim om beina treng det. Meir info her: Vegtur.no

Historia:
Å byggje vegar i fjellet var med på å binde dei forskjellige delane av landet saman. Fleire fikk oppleve fjellet, og vegane var til stor nytte for stølsdrifta. Dei fleste fjellvegane i Norge har altså heilt frå dei vart bygde vore viktige for reiselivsnæringa, og gjort det råd for oss å kome oss til fjells på ein enkel og trygg måte. Valdresflya er eit godt eksempel på ein slik veg.

Vintervarsel: Deler av Nasjonal turistveg Valdresflye er vinterstengt mellom Garli og Maurvangen. Raude flagg i kartet (bilete over) viser kvar strekningen blir stengt. Strekninga er open mellom Hindsæter og Gjendesheim. Vegen er normalt stengt i desember og opnas igjen i april. Tilkomst til Gjendesheim er frå Randen (veg 51) eller Sjoa (veg 257). 

Opningar og stengingar av vinterstengde turistvegar

Køyrande må være oppmerksame på tamrein på strekninga 

Kjelde: nasjonaleturistvegar.no

Fasiliteter

Aktiviteter

  • turstier

Annen overnatting

  • overnatting

Natur og terreng

  • fjell
  • fjellterreng
  • fotturområde
  • utsikt
  • utsiktspunkt
  • vann

Sesong

  • sesongåpent
  • Sommer

Sportsaktiviteter

  • vandreruter

Kart

Åpningstider

Sesong (1 mai 2019 - 1 nov 2019)

* Delar av Nasjonal turistveg Valdresflye er vinterstengt mellom Garli og Maurvangen. Strekninga er open mellom Hindsæter og Gjendesheim. Vegen er normalt stengt i desember og opnas igjen i april. Tilkomst til Gjendesheim er frå Randen (veg 51) eller Sjoa (veg 257).