For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Nautgardstinden (2258 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Vågå, 2680, Vågå

+4761212990

  • Topptur på ski til Nautgardstinden
  • Nautgardstinden i Øst-Jotunheimen (2258 meter) ved soloppgang, sett fra nedre Sjodalsvatnet ved Nasjonal turistveg Valdresflye. Foto Jarle Wæhler  Statens vegvesen
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Nautgardstinden. Foto: Ingvild Øyjordet
  • Product Image

Om

Nautgardstinden (2258 m.o.h.) er eit lett tilgjengeleg toppturfjell frå Valdresflye som òg er del av ein ryggtravers med fleire 2000-meterstoppar. Dette er ein trygg topptur da du kan gå heile vegen til topps utan å gå inn i skredterreng.  

Beste utgangspunkt: Frå Glitterheim, ​​Bessheim / Gjendesheim eller Hindsæter. Midtvinters er Russlie beste utgangspunkt. 
Høgdeforskjell: 1260 høgdemeter og 10 km. (ein veg)
Antatt tidsbruk: 7-10 timar tur-retur 
Ver obs på: Litt bratt siste del mot toppen. Her kan det vere greit å setje frå seg skia og gå siste del til fots. Brattaste punkt er under 25 grader.
Utstyr: Normalt toppturutstyr 
Anbefalt skiutstyr: Fjellski, fjelltelemark og randonnée. 
Vanskelighetsvurdering: Kan vere navigasjonskrevjande, særleg ved dårleg sikt. Ellers ein enkel, men lang tur. 

Nautgardstinden er eit fjell i Jotunheimen, i kommunane Vågå og Lom i Innlandet. Fjellet ligg heilt aust i Jotunheimen mellom Veodalen og Sjodalen, og er den sørlegaste toppen av ein lang rygg med seks fjell over 2 000 meter.

Nautgardstinden er ein markant topp med ukomplisert skiterreng. Det er ikkje særleg bratt her, og turen egnar seg godt på fjellski, særleg med tanke på at dette er ein relativt lang tur som går går i halvslakt terreng. Toppen kan bestigast frå så og sei alle kan­tar, med unntak av den loddrette nordvestveggen. Sjølv om Valdresflye (Fv. 51) er vnterstengt frå Maurvangen, har du tilgang til denne toppen frå Aust-Jotunheimen (Sjodalen) heile vinteren. Turen går dessutan i slakt terreng, under 30 grader, som gjer dette til ein trygg tur med tanke på at du ikkje går i skredutsatt terreng.

Frå fylkesveg 51 i aust - Valdresflye: 
Eit greit utgangspunkt for turen er Hindsæter eller ved Russlie, altså ved Fv. 51, som går frå Vågå mot Valdresflye. Det blir vanlegvis brøytt parkeringslommer langs vegen, ved ei lita bru; Russabrue. Tips! Gå over brua for å kome til nordsida av elva Russa for du startar turen oppover gjennom glissent skogsterreng. Heilt frå start, ser du opp på Russlirundhøe, og denne kan du sikte mot på vegen gjennom skogen, og undervegs mot toppen. 

Start med å gå vestover mot Steinhøe og hald til høgre for det brattare terrenget under Russlirundhøe. Da vel du ei rute som går i litt slakare terreng. Det er òg mogleg å runde Russlirundhøe på venstre side, men her beveger du deg inn i litt brattare terreng, og må traversere sida i skrått terreng. Kan vere fare for utgliding om det er hardt og isete. Da anbefales skarejern! 

Etter å ha runda Russlirundhøe, kjem du inn på eit flatare parti - og ser toppen av Nautgardstinden framfor deg - mot venstre (den høgaste toppen så langt du kan sjå rett framfor deg). Frå flata stig det litt brattare opp mot Nautgardstindene. Austre Nautgardstinden ligg til høgre, hovudtoppen til venstre. Fortsett oppover i terrenget. Når du kjem til foten av fjellet, følg ryggen på høgre side av toppen, men ver obs på skavlen her. Hald deg godt "innpå". Det kan være greit å sette frå seg skia før det siste bratte partiet mot toppen, sæleg om du går på fjellski.

Fleire toppar i same slengen? 
Har du tid og krefter, kan du plukke med deg fleire 2000-meterstoppar kring Nautgardstinden (2258 moh): Du kan enkelt følgje ryggen bort til Austre Nautgarstinden (2194 moh), (eller gå oppom denne før hovudtoppen),  og vidare til Stornubben (2174 moh), Vesl-Stornubben (2055 moh), Aust-Stornubben (2049 moh), også kalt for Austnubben, og til slutt Aust-Stornubben Øst (2020 moh), som alle ligg til høgre for Nautgardstinden når du er på veg oppover frå Fv. 51. Det tek ca. ein time å gå til Nautgardsoskle (2089 moh), som ligg på andre sida (vest for toppen).

Ned: Følg ruta fra oppstigningen det første strekket fra toppen. Derfra kan du velge linje i det slake terrenget mot bilen.

Du kan òg gå frå Bessheim, men dette er ein lang dagstur, som om vinteren følgjer sommarruta til topps. Gå da stigen til Bessvatnet og følg sommarruta mot Glitterheim. Følg stigen til Russvatnet (1164 m.o.h.). På Russvassosen er det ei bru, og du kan krysse elva Russa. Ta av stigen ved buene ved Russvassosen. 1100 høgdemeter ventar. Det er ingen utsette parti på turen, og den raskaste ruta går rett på sørøstryggen. Dei fleste køyrer bil til Russtangen og går opp frå der om sommaren. Da går du opp Russdalen til Russvatnet og går beint mot toppen frå der.

Frå Glitterheim: Det enk­laste utgangspunktet for turen til Nautgardstiden, er Veodalen, aller helst frå turisthytta Glitter­heim. Hugs at vegen inn til Glitterheim turisthytte er stengd ved nasjonalparkgrensa, og ikkje blir brøytt vinterstid. Når hytta er ope, vanlegvis frå midten av mars, blir buande gjester transportert med beltebil/snøscooter frå Veoli til hytta. 

 

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Sjå meir

Gjendesheim turisthytte DNT, VågåGjendesheim er vakkert plassert ved de viktigste innfallsportene til den østlige delen av Jotunheimen, og eit naturleg startpunkt for turar over Besseggen.

The main building at Glitterheim during winterGlitterheim | Turisthytte i Jotunheimen, LomPå Glitterheim får du tradisjonsrik fjellkost i alle måltida. Det meste av maten er laga på Glitterheim av gamle oppskrifter og lokale råvarer.

Topptur på ski: Besseggen vintertur, VågåBESSEGGEN VINTERTUR PÅ SKI Har du sett den Gjendin-eggen nokon gong - kledd i kvitt? Kvart år går nærmare 60.000 den klassiske fjellturen over Besseggen i Jotunheimen. Om vinteren kan du ha eggen for deg sjøl.

Topptur på ski: Rasletinden (2105 m.o.h.), LomTOPPTUR TIL RASLETINDEN, 2105 m.o.h. Enkelt tilgjengeleg 2000-meterstopp frå Valdresflye.

Nasjonal turistveg Valdresflye (FV 51), VågåNasjonal turistveg Valdresflye, fylkesveg 51, går mellom Garli og Hindsæter med avstikkar til Gjende.

Topptur på ski: Besshøe (2258 m.o.h.), VågåTOPPTUR TIL BESSHØE 2258 m.o.h: Dominerande kjempe som ligg ved Gjende og ruvar over både Besseggen og Knutshøe.

Topptur på ski: Heimdalshøe (1843 moh.), LomFjelltoppen Heimdalshøe ligg 1843 moh. på Valdresflye, og er ein trygg og lett tilgjengeleg topptur heile vintersesongen. 

Gjendebu turisthytte DNT, LomGjendebu ligg flott til i den innerste enden av Gjende, midt i hjertet av Jotunheimen - krinsa av flust av 2000-meterstoppar som innbyr til råe fjellturar med mektig utsikt.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no