For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Røisheim hotell - restaurant

TypeHotell restauranter

Sognefjellsvegen, 2687, Bøverdalen

+ 47 61 21 20 31

Røisheim hotell - restaurant

Om

Røisheim – ein gamal skysstasjon med tradisjoner. For dei kresne og eventyrlystne

Røisheim hotell ligg i Bøverdalen på nordsida av Jotunheimen nasjonalpark. Hotellet er ein gamal verna skysstasjon (frå 1858) med ei heilt unik atmosfære og eit berømt kjøkken. Måltid i gourmet-klassa høyrer med til opplevinga. 

Matfilosofi
På Røisheim hotell er kvart måltid ein fest. Vi er bevisste på å ta vare på gode norske tradisjonar kombinert med moderne smakar. Kvar kveld får alle gjestane servert ein spanande tre- eller fire-retters middag av høg kvalitet. Bruk av råvarer og smakar frå naturens skattekammer gjev moglegheit til mange nye kombinasjonar av tradisjonsrike norske rettar. Så langt det er mogeleg nyttar vi lokale råvarer og leverandørar. Vi ynskjer å by våre gjester på god heimelaga mat basert på gode råvarer og tradisjonar. Vi seier at hos oss vil du få servert tradisjonell mat på ein litt utradisjonell måte.

Selskap og arrangement på Røisheim: 
Røisheim er den perfekte stad å feire nokon av livets store dagar. Hos oss kan du arrangere barnedåp, bryllaup, konfirmasjon og andre store hendingar i livet. Dei vakre og unike bygningane gjer at festen din blir eit minne for livet. Røisheim har eit eige kapell som kan utgjera den perfekte ramma for eit intimt bryllaup eller barnedåp. Kapellet er òg ope for private besøk og bønn.

I spisesalen har vi plass til ca 60 personar. Vi har òg mogeligheit for å dekke til i peisestova eller på låven. På låven kan vi arrangere ståande buffet, ha bar og dans for inntil 100 personar. Vi har overnattingskapasitet til 56 personar.

Røisheim er ope frå mai til oktober. Unn deg ei ekte og eksklusiv oppleving i Jotunheimen. Velkomen!

Røisheim Hotel
N-2687 Bøverdalen
Tel: +47 61 21 20 31
Faks: +47 61 21 21 51
E-post: booking@roisheim.no
Internett: www.roisheim.no

Fasiliteter

Annen overnatting

  • Middag - familie
  • Middag - grupper
  • rom inkl. frokost

Kart

Veibeskrivelse

Røisheim ligg ved Sognefjellsvegen omlag 15 km vest for Lom og er et naturlig stoppested på vegen mellom Lom i aust og Luster i vest. Sognefjellsvegen er Noregs høgste fjellovergang og vegen er vinterstengt til omlag 1. mai. Vegen frå Lom til Røisheim er alltid ope.

Åpningstider

Sesongen 2018 (27 apr 2018 - 30 sept 2018)