På Brimi sæter byr vi på unike opplevingar, eigenprodusert mat og lærdom for liten og stor. Du blir kjent med gardsdyra og historia,og får sjå korleis mjølka vert til ost. Her er vakker natur, ekte stillheit, og kulturhistorie på sitt beste. Senk skuldrene.
Vi opnar sommarsesongen på Brimi sæter rundt St.Hans.
Da har du anledning til å overnatte i brisk på låven eller rom i seterhus, og få servert spesialretten vår, 4-retters skråpå-tå meny ved langbordet på låven kvar kveld fram til ca skulestart (bordbestilling).
Er det ynskje om å besøkje oss utanom sjølve setersesongen, så er det anledning for større grupper/familiar å bestille helgepakkar frå mai til St. Hans. og frå ca 20. august til slutten av oktober. Vi tek og imot større grupper/ firma på vekedagar i haustsesong.
Julemeny:
Vi stenger sist i oktober, men har ope for julebord med ein utvida skråpå-tå meny to helger november og desember.
Sesong (19 jun 2020 - 31 aug 2020) |
---|
* Opent kvar dag frå ca St.Hans og ut august. Opent i helgene i skuldersesong.