For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Turtips: Kvitingskjølen 2064 og 2060 moh.

TypeTopptur sommer

2686, Lom

+4761212990

Product Image

Om

Kvitingskjølen er eit fjell i den nordlige utkanten av Jotunheimen, i Lom kommune. Den høgaste toppen, Store Kvitingskjølen ligg 2 064 meter over havet, medan Vestre Kvitingskjølen har ei høgde på 2 060 meter over havet.

Beste utgangspunkt: Soleggen fjellstue (957 m.o.h. i Lom). Hit kjem du ved å ta av vegen øverst i Vårdalen, mellom Garmo og Lom, og inn på bomveg skilta mot Soleggen. Ein kan òg går turen frå Brimi sæter (900 moh. ved Tesse).
Høgdeforskjell:  Ca. 1000 høgdemeter
Antatt tidsbruk: 5-6 timar tur-retur 

Når du kjem til Soleggen, parkerer du bilen på andre sidea av brua, der vegen blir stengt med bom. Du går i retning Kvitingsgjelet, men kryssar bekken, og kjem deg inn på ryggen på venstre side. Denne følges opp mot Veslkjølen, og vidare inn og opp mot det høgaste punktet, nemleg Østre Kvitingskjølen 2064 moh. Denne toppen er har ei stor fin rundvagle, og ei ganske så spesiell utsikt. Du står høgt, og har ingen andre store toppar i umiddelbar nærleik. Frå toppen er det nydeleg skue til Reinheimen, Lomseggi, Glittertind, Nautgardsmassivet, Gjendealpene, Surtningssue og Styggebreen. Du ser altså Rondene i nord, og Jotunheimen i sør og vest. 

Rundtur: Når du står på toppen av Store Kvitingskjølen, har du nabotoppen på 2060 moh. rett vest for deg, og eit besøk dit krev ikkje den store anstrengelsen. Om du tek med deg denne nabotoppen, kan du gjere dette til ein variert rundtur. Du legg da returen ned Krokågjelet, til du kjem inn på setervegen til Foss ved Rundhaugen, og så vidare i lettgått terreng ned til bilen.

Frå Brimi sæter/ Tesse:
Det er og mogleg å gå denne turen frå Brimi fjellstue og Brimi sæter.  Dette er ein lang og krevjande tur som òg egnar seg godt på fjellski om vinteren. Turen startar langs same merka stig som til Steinbua, frå Brimi fjellstue,  til du er oppkome dei bratte bakkane og kjem til stigkrysset. Frå her går turen mot sør-vest innover dei lange flyene mot Gråvåhøi. Området har ei mengd kulturhistoriske minne, som jakt- og fangstanlegg. Terrenget er lett å gå i, lite stein fyrste halvdel av turen. Noko myr og kjerr. Vidare innover kryssar du elva Ilva før siste oppstigning mot toppen startar. Stor og fin varde på toppen, og ei heilt fantastisk utsikt over «heile» Jotunheimen.

Turen er krevande fysisk med ei lengde på 22 km t/r. Tidsbruk: 7–8 timar

Kjelde: Fjellførar Kjell Nyøygard og Brimi turkart

Kart

Veibeskrivelse

Veibeskrivelse til kollektivtransport

Med bil til Soleggen: Avkøyring frå Rv 15 mellom Vågå og Lom. Ta av vegen øverst i Vårdalen, mellom Garmo og Lom, og inn på bomveg skilta mot Soleggen. Når du kjem til Sålell, parkerer du bilen på andre sidea av brua, der vegen blir stengt med bom.

Alternativ rute: Frå aust: Buss eller tog til Otta, buss eller bil frå Otta i retning Gjendesheim, eller fylkesveg 51 frå Sjoa i Gudbrandsalen til Randsverk og vidare i retning Vågå. Parker og start ved Brimi sæter eller Brimi Fjellstue.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no