For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Turtips: Såleggi 1540 moh. | frå Soleggen fjellstue

TypeTopptur sommer

2686, Lom

+4761 21 18 99

  • Turtips Såleggi 1540 moh.
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Gira på ein fin fottur som ikkje er altfor lang, men med nydeleg utsikt? Såleggi ligg 1540 meter over havet - og er ein barnevenleg tur frå Soleggen fjellstue.

Turen til Såleggi er 12 km t/r og tek ca 5 timar.

Soleggen fjellstue ligg 957 m.o.h. på nordsida av Jotunheimen, ca. 10km. frå Lom sentrum. Staden ligg i eit gamalt seterområde med eit variert kulturlandskap - som fortsatt er i drift. Uberørt natur og ville fjell omkransar fjellstua, og området er kjent for eit rikt planteliv. Frå her kan du gå både korte og lange toppturar med vakker utsikt.

Turen til Såleggi startar på parkeringen ved Soleggen Fjellstue. Turen går fyrst på grusveg - Meadalsvegen - i cirka 4 kilometer - i jamn og slak stigning. Da kjem ein opp til Sålell, som er ei gamal setergrend som fortsatt er i bruk. Her passar det godt å ta ei matpause – og nyte utsikta til seterlandskapet og 200-meterstoppar som Kvitingskjølen. Om du ynskjer ein kortare tur, syklar eller har med vogn, kan du snu her.

Og om du ynskjer ein litt kortare tur, men på sti til topps, er det mogleg å køyre direkte opp til setergrenda Sålell og starte turen rett på sti. Følg tydeleg sti oppover langs den frodige dalen, på høgre side av bekken. Når du kjem til eit stiskille, kan du anten halde fram på stien innover dalen, og til toppen, eller ta til høgre opp til eggen – og følgje eggen bortover til toppen.

På toppen er det ein tydeleg varde kor du kan nyte vidt utsyn til Jotunheimen og Breheimen - og postkasse med turbok kor du kan skrive deg inn.

På veg ned att har du to val: Du kan anten gå attende same veg som du kom – nedover dalen til setergrensa Sålell og vidare på grusvegen ned att til soleggen, eller du kan halde fram eit stykke lenger bortover eggen, før du tek ned mot Vittingstjørni og Langtjørni (merka på kartet) og gå ned att på «framsida» av Såleggi til du kjem til grusvegen (Strymmevegen) som går attende til Soleggen fjellstue.

Ting å leggje merke til undervegs: 

Syngjarsteinen: Det skal stå eit treskilt med namnet på. Den ligg 40 – 50 meter ned for vegen. Steinen er nemnt i skriftlege kjelder på 1700-talet. Slår ein ein stein på Syngjarsteinen så gjev det ein klar klang. Bekken som renn ned mot Vulu på andre sida av dalen kallast Syngjarbekken.

Før ein kjem fram til Sålell så går vegen gjennom eir bergut parti som kallast Kleive, med Vulu rett nedanfor, med ein vassveg mellom vegen og elva.

Nordstrondvassvegen frå Vulu startar like før ein kjem til Sålellsetre. Denne vassvegen er den lengste vassvegen i Lom, heile 20 km lang før den kjem ned i bygda. Den har sin historie frå rundt 1750. eit kollosalt arbeid den tida da alt arbeid vart utført med handmakt. Men Lomsbygde er svært nedbørsfattig med berre rundt 300 m/m for året. Same nedbørsmengda som i Saharaørkenen. Kunstig vatning er såleis heilt avgjerande for å få avling i bygda.

Frå vegen oppover her ser ein innover mot Kvitingskjølen med to toppar over 2000 m der ligg også fleire store snøfonner der det i tidlegare tider var drive stor fangst på villrein. Dei siste åre har det smelta fram mange arkeologiske gjenstander, brukt under jakta, fra snøfonnene her.

 

Kart

Veibeskrivelse

For å kome til Soleggen fjellstue, ta av frå Ottadalsvegen (RV15), rett før Lom sentrum. Her er det merka mot Sålell. Følg grusvegen – Meadalsvegen i ca. 10 minutt. Merk: Dette er bomveg, kr. 70,- som kan betalast med Vipps.

Sjå meir

Læshø. Photo: Live Andrea SulheimTurtips: Læshøe - fottur frå sentrum, LomKulturstigen "Setervegen til fjells" til Skutlan og Læshø er ein populær fottur i Lom nasjonalparklandsby.

Turtips: Kvitingskjølen 2064 og 2060 moh., LomKvitingskjølen er ein lett tilgjengeleg 2000-meterstopp som egnar seg både til fots og på fjellski.

Soleggen fjellstue, LomSoleggen fjellstue ligg vakkert til på nordsida av Jotunheimen, i eit gamalt seterområde. Staden eignar seg for leirskule og gruppeturar med opptil 80 personar.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no