For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Soleggen fjellstue

TypeFjellstue

Stymmevegen 24, 2686, Lom

Sjekk tilgjengelighet forSoleggen fjellstue (Åpnes i et nytt vindu)

+47 958 75 948

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Soleggen fjellstue ligg 957 m.o.h. på nordsida av Jotunheimen, ca. 10km. frå Lom sentrum. Staden ligg i eit gamalt seterområde med eit variert kulturlandskap. Uberørt natur og ville fjell omkransar fjellstua, og området er kjent for eit rikt planteliv.

Soleggen fjellstue vart kjøpt av Rudolf Steinerskolen i Oslo i 1986 for å nyttast til leirskule-verksemnd. Sidan da har fjellstova vorte utvikla med stor omsorg  - og blir i dag dreve som ein stiftelse med formål om å drive leirskule. Soleggen har gjennom sine 35 år med drift gjeve  barn og ungdommar frå heile Skandinavia oppleving av meistring i det norske høgfjellet. 

I 2019 vart det bygd ein dome på Soleggen, som har vorte eit populært lokale for fleire miljøar innanfor yoga og meditasjon.   

Soleggen har i dag 80 sengeplassar fordelt på 23 rom, og har fasilitetar for gruppar og samlingar med opp mot 80 personar. 

Fasilitetar: 
Spisesal med plass til 70 personar 

Peisstove med moglegheit for forelesingar og samlingar med 20 - 30 personer

Domen - samlingsrom med moglegheit for større grupper med aktivitetar som konsertar, yoga, bryllaup eller verkstader

3 stk mindre aktivitetsrom for samlingar 4 - 10  personar

Storkjøken

Tørkerom

Kart

Veibeskrivelse

Frå Lom sentrum, følg Rv. 15 austover mot Vågåmo. Ta av opp til høgre der det er skilta mot Soleggen, og følg vidare Strymmevegen i 8 km. til du er framme ved Soleggen fjellstue. Totalt 14 km. og ca. 20 min å køyre frå Lom sentrum.

Sjå meir

Bergomsrunda | Vandring gjennom Lom nasjonalparklandsby, LomBergomsrunda er ein triveleg rundtur til fots i nasjonalparklandsbyen, Lom sentrum. Runda bitt saman sentrum og attraksjonane på ein god måte og du får med deg alt som er verd å sjå. Runda er ca 2,5 km lang.

The cultural path in Lom National Park VillageTurtips: Setervegen til fjells - fottur i Lom nasjonalparklandsby, LomKulturstigen "Setervegen til fjells" til Skutlan og ned Myrskardet: Fottur i Lom nasjonalparklandsby.

Turtips: Kvitingskjølen 2064 og 2060 moh., LomKvitingskjølen er ein lett tilgjengeleg 2000-meterstopp som egnar seg både til fots og på fjellski.

Lom nasjonalparklandsby, LomVelkomen til nasjonalparklandsbyen Lom - innfallsporten til Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen!

Turtips: Såleggi 1540 moh. | frå Soleggen fjellstue, LomSåleggi ligg 1540 moh. - og er ein barnevenleg tur frå Soleggen fjellstue i Lom.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no