Turtips: Læshøe - fottur frå sentrum

TypeFjelltur

Sognefjellsvegen 17, Sognefjellsvegen 17, 2686, Lom

+47 612 12 990

Læshøe. Foto Live Andrea Sulheim
  • Læshøe. Foto Live Andrea Sulheim
  • Product Image
  • Product Image
  • Læshø. Foto Live Andrea Sulheim
  • Product Image
  • Læshø. Foto Live Andrea Sulheim
  • Setervegen til fjells_Lom nasjonalparklandsby_Mari Wedum
  • Setervegen til fjells_Lom nasjonalparklandsby_Mari Wedum

Om

Læshøe er ein lett tilgjengeleg fjelltopp du kan gå på frå Lom sentrum. Stigen er godt merka, og på toppen får du ei fantastisk utsikt på ein finvêrsdag! Det høgaste punktet ligg på 1216 m.o.h.

Turen Lom – Skutlan – Læshø (1204 moh.) er 4,9 km (ein veg) og tek rundt 4 timar, tur/retur. Frå her kan du sjå Rondane i aust, Dovrefjell og Reinheimen i nord, Breheimen i vest og Jotunheimen i sør. Frå toppen på Læshøe kan du til og med sjå mot den høgaste toppen av dei alle, Galdhøpiggen på 2469 m.o.h.

Sjå kart og meir informasjon her! 

Frå rundkøyringa midt i sentrum går du ca 150 meter austover langs riksveg 15. Før du kjem til Fossheim Turisthotell tek du til høgre oppover Ulstadvegen. Midt i ein u-sving tek stigen av inn på jordet. Stigen dreier så rett oppover jordet og opp i trædet (inngjerda beitemark).

Ta til høgre i stigdelet for å følge ruta opp mot Skutlan og Læshø. Stigen går bratt opp gjennom granskogen, og kjem forbi ein vasspost med drikkevatn. Stigen passerer tregrensa og går vidare til Skutlan (1070 m.o.h.). Dette er kulturstigen "Setervegen til fjells" til Skutlan. Her får du både ny kunnskap og opplysningar på totalt 16 informasjonsskilt som er satt opp langs stien. 

I stigkrysset på Skutlan kan du følge stigen mot Myrskardet for å få ein fin rundtur. Flott utsikt mot Flåklypa og gardane i nedre Bøverdalen. I nord rager Storivilen (2068 m.o.h.). Ver klar over at du må gå eit lite stykke langs Fylkesveg 55 (Sognefjellet) når du kjem ned att mot sentrum.

Alternativ rute: Du kan også gå på Læshøe frå baksida. Da må du køyre ca. 8 km sørover langs Rv. 15, før du tek av på vegen mot Meadalen og Soleggen. Parker ved Soleggen Fjellstue og fylg skilting frå der. 

 

OBS: Snø og is kan gjere turen vanskeleg på vinterstid.
 

Kart

Veibeskrivelse

Adkomst: 

Fint å gå frå Lom sentrum (Fossbergom). Start ved skilt mellom Fossheim hotell og Fossheim steinsenter. Følg merka sti.

Adkomst med offentlig transport.

Bussterminal like ved starten på ruta.

Sjå meir

Fossheim | Hotell, LomHistorisk overnatting i hjarta av Lom sentrum, eit perfekt utgangspunkt for turar i tre nasjonalparkar med gourmetmåltid servert i vår trivleege spisesal etter turen.

Cultural Path Bordvassvegen - LomTurtips: Bordvassvegen i Lom - kulturvandring, LomBordvassvegen er ei kulturvandring der du følgjer ein gamal vassveg og får kjennskap til historia rundt vatningskulturen i Lom.

Turtips: Lomseggen – topptur frå Lom sentrum, LomOpplev majestisk utsyn over tre nasjonalparkar frå Lomseggen.

Turtips: Tronoberget – utkikkstopp frå Lom sentrum, LomTuren til Tronoberget er godt merka frå Lom sentrum, og gjev god utsikt over sentrum og over til Lomseggen.

Vassvaglen | Vatningstårn i Lom sentrum, LomVassvaglen i Lom nasjonalparklandsby var reist av Lom kommune i 1985, og viser korleis livgjevande vatn, ved hjelp av eit tro-system, kunne førast dit det var bruk for det.