For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Vassvaglen | Vatningstårn i Lom sentrum

TypeStatuer/skulpturer

2686, Lom

+47 61 21 29 90

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Bordvassvegen - kultursti frå Lom sentrum. Foto: Mari Arnøygard Wedum

Om

Tretårnet "Vassvaglen" i Lom nasjonalparklandsby vart reist av Lom kommune i 1985, og viser korleis livgjevande vatn, ved hjelp av eit tro-system, kunne førast dit det var bruk for det.

Tidlegare var nemleg vatn ein knapp ressurs, og det var viktig at minst mogleg gjekk til spille. Vassvaglen består av ei tro som er spikra saman av bord, og illustrerer den livgjevande effekten av vassyklusen.Torbjørn Fjellstad er arkitekt for vassvaglen og mykje av den nyare byggjestilen i Lom sentrum.

Vassvaglen symboliserer altså det unikte vatningssystemet i Ottadalen, som er eineståande i europeisk sammenheng. Her kan du forsyne deg gratis av Noregs beste drikkevatn, i følge ei nasjonal kåring i 2005. 

Unikt vatningssystem:
”Gje Vårherre sol, ska oss sjølve skaffe væte”, heiter det i ottadalsbygdene. Ottadalen er svært nedbørsfattig. Årsnedbøren i Lom og Skjåk er mange stader berre 300 mm., og jordbruk utan kunstig vatning er utenkjeleg. Det er berre takk vera eit gamalt og innvikla vatningssystem at det har vore råd å drive jordbruk frå gamalt av i området. Det er utvikla eit vatnings-system som er eineståande i europeisk samanheng.

Når snøsmeltinga er over, turkar mange bekker inn. Ved å grave vassvegar - kanalar frå fjellet -, frå brekanten eller frå ei tepping (kunstig dam der smeltevatnet vart lagra) greidde ein å skaffe vatn til turr åker og mark i dalbotnen. I Lom er det registrert 68 vassvegar og teppingar. Stuttaste vassvegen er snautt 300 m lang, den lengste 20 km. Samla lengd på hovudanlegga i Lom er 230 km, attåt kjem forgreiningar på kvar gard.

I grannebygda Skjåk er det registrert ca. 300 km vassvegar. Dei fleste vassvegane forsyner heile grender, fåe går berre til ein gard.

Kulturvandring langs gamal vassveg:
Om du ynskjer eit djupare kjennskap til historia rundt vatningskulturen i Lom, bør du ta ei kulturvandring langs Bordvassvegen. 

Turen går på solsida i slak helling og er ein fin tur også om vêret ikkje er det beste. Turen startar og sluttar ved Norsk fjellsenter. Dette er ein relativt lettgått tur på totalt 9 km - som tek om lag 3 timar.

Ruta til Bordvassvegen er merka med raude merke frå Norsk fjellsenter i Lom nasjonalparklandsby. Kulturstigen har eigen informasjonstavle bak fjellsenteret. Legg gjerne turen innom friluftsmuseet Lom bygdamuseum på veg til Bordvassvegen. Her finn du 22 verneverdige bygningar.

Du kan følge rutebeskrivelse for ruta til Lomseggen (gul merking) til den skil lag med ruta for Bordvassvegen. Vidare følgjer du raud merking for å gå langs Bordvassvegen. Frå Bordvassvegen kan du fylgje vatnet ned til Nordgard Aukrust (bio-dynamisk sidan 1986), med hagar til glede og nytte.

Kart over Bergomsrunda

Fasiliteter

Gradering

  • lett

Natur og terreng

  • skog

Sesong

  • august
  • juli
  • juni
  • mai
  • oktober
  • september

Varighet

  • 2 timer

Kart

Sjå meir

Bergomsrunda | Vandring gjennom Lom nasjonalparklandsby, LomBergomsrunda er ein triveleg rundtur til fots i nasjonalparklandsbyen, Lom sentrum. Runda bitt saman sentrum og attraksjonane på ein god måte og du får med deg alt som er verd å sjå. Runda er ca 2,5 km lang.

Turtips: Bordvassvegen i Lom - kulturvandring, LomBordvassvegen er ei kulturvandring der du følgjer ein gamal vassveg og får kjennskap til historia rundt vatningskulturen i Lom.

The large Storehouse, LomStorstabburet i Lom, LomStorstabburet i Lom er eit tre etasjer stort stabbur, som truleg er bygd fyrst på 1600-talet. Det blir rekna for å vera det største av sitt slag i Noreg.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no