Kanskje skal du eta "Skråppå-tå" på Brimi sæter i Lom, eller er i området på leit etter ein vakker fottur. Her er nokre gode turtips i området rundt Brimi sæter og vatna Lemonsjøen og Tesse:
Tur til Steinbua:
Steinbua er ei lita bu oppi fjellsida ved Brimi sæter. Turen er godt merka med skilt og raude punkt, og passar dei fleste. Fyrste del av turen følger du stien nordvestover i flatt lettgått terreng i ca. 2 km. Terrenget er lett å gå i og det er lite stein. Etter kvart blir det noko brattare brattere opp mot Koppflye, omlag 200 høgdemeters stigning. Når du kjem opp til Koppflye, flatar det ut att i heiterreng. Noko myr og kjerr.
Stien går fram til Kopptjønne, der du går deg rett på Steinbue, som altså er ei flott steinhytte som vart satt opp i 2004. Denne ligg lunt og fint til ved Kopptjønne, innunder fjellet Søre Koppe. Hytta er ope og kan nyttast til matpause og eventuelt overnatting. Ved Kopptjønne har ein del vadefuglar tilhald, og langs bredda er det mange idylliske partier med myrull. Området har dessutan ei mengd kulturhistoriske minne, som dyregraver og jakt- og fangstanlegg.
Lengde: Ca. 4 km og 300 høgdemeter opp til steinbua. Total 8,5 km. (tur-retur)
Tessefjellet (1571 moh):
Denne turen kan gåast som ein rundtur med start ved grusvegen langs Tessevatnet. Ta fyrst opp opp Bakselabakken mot Smådalen. Flott utsikt mot Tessevatnet, Smådalen og Glittertind.
Lengde: 9 km. tur/retur.
Veslvassfjellet (1192 moh):
Ein enkel, men veldig fin tur med god utsikt. Denne ryggen strekkjer seg frå Valdesetrene ved Lemonsjøen og mot Tesseosen. Ein lett og fin tur etter godt merka stig i skog/ope fjellandskap. Turen startar ved Tesseosen kor du kan parkere.
- Lengde: 10 km. tur/retur
Her er det turkart og meir informasjon om alle turane: Turkart Brimiland