For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Brimi Sæter | Restaurant

TypeServering i fjellet

Smørlivegen, 2685, Garmo

Sjekk tilgjengelighet forBrimi Sæter | Restaurant (Åpnes i et nytt vindu)

+47 911 37 558

Brimi sæter, sæterost, skråppå-tå
  • Brimi sæter, sæterost, skråppå-tå
  • Klart for Skråpå-tå meny på låven på Brimi sæter.
  • Eigenprodusert sæterost frå Brimi sæter.
  • Frå gardsbutikken/kafeén på Brimi sæter.
  • Skråpå-tå meny.
  • Brimi sæter og fjellvatnet Tesse badar i sol.
  • Utsikt mot ysteriet frå låven på Brimi sæter.

Om

Brimi sæter byr på unike opplevingar, eigenprodusert mat og lærdom for liten og stor. Du blir kjent med gardsdyra og historia, og får sjå korleis mjølka vert til ost.

Restaurant:
Brimi sæter er kjend for sin 4-retters spesialmeny "Skråppå-tå". Då set dei fram heimesmidde bordgrillar og byr deg på ei stemningsfull oppleving rundt langbordet på låven. Dei smeltar sin eigenproduserte ost, og serverer mange gode smakar frå eigne dyr. Historier frå setra fortalt av Hans høyrer med. "Skråppå-tå" er eit sosialt måltid du vil minnast lenge, og ei spesiell oppleving som seterfolket får mykje positive attendemeldingar om.

Låvekafé:
I fellesferien er det open kafé der du får servert ekte sæterkost. Her kan du kose deg med ein kopp kaffe og ei vaffel, rumgraut og spekemat og ellers måltid basert på sesongråvarer. 

Menyar:
Brimi sæter har erfaring med ulike selskap frå barnedåpar, konfirmasjon, bryllup, 60-års jubileum, firma- og venneturar. Låven på Brimi sæter vil gje ei spesiell ramme uansett kva som skal feirast.

Ynskjer du menyforslag, er det berre å ta kontakt!

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Seterkafeen er open kvar dag frå ca St. hans og ut august. Elles er det ope i helgene i skuldersesong.

Sjå meir

Brimi Sæter | Gardsovernatting, LomPå Brimi sæter får du oppleve ekte seterliv og kulturhistorie, med glade gardsdyr og vakker natur. Du kan overnatte i gamle seterhus, briskar på låven eller lavvo på tunet.

Turtips: Kvitingskjølen 2064 og 2060 moh., LomKvitingskjølen er ein lett tilgjengeleg 2000-meterstopp som egnar seg både til fots og på fjellski.

Topptur på ski: Kvitingskjølen 2060 og 2064 moh., LomKvitingskjølen er ein lett tilgjengeleg 2000-meterstopp frå Lom sentrum - som egnar seg både til fots og på fjellski.

Brimi Sæter | Gardsbutikk, LomVelkomen til seterysteriet på Brimi sæter. Her kan du fylgje heile prosessen frå mjølking til ysting og ost på lager gjennom store vindauge.

Turtips: Søre Koppe (1403 moh.) frå Brimi sæter, LomSøre Koppe er ein lettgått tur frå Brimi sæter i Lom. Legg gjerne inn ein rast ved den sjarmerande Steinbue, og gå fjellkammen ned att.

Turtips rundt Brimi sæter, LomHer er nokre gode turtips i området rundt Brimi sæter og vatna Lemonsjøen og Tesse!

Turtips: Såleggi 1540 moh. | frå Soleggen fjellstue, LomSåleggi ligg 1540 moh. - og er ein barnevenleg tur frå Soleggen fjellstue i Lom.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no