For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Kvitingskjølen 2060 og 2064 moh.

TypeTopptur vinter

2686, Lom

+4761212990

  • Topptur på ski til Kvitingskjølen
  • Topptur på ski til Kvitingskjølen, Lom Jotunheimen
  • Topptur på ski til Kvitingskjølen, Lom Jotunheimen
  • Topptur på ski til Kvitingskjølen, Lom Jotunheimen
  • Frå hyttegrenda Sålell. Topptur på ski til Kvitingskjølen, Lom Jotunheimen

Om

Kvitingskjølen er eit fjell i den nordlige utkanten av Jotunheimen, i Lom kommune. Den høgaste toppen, Austre Kvitingskjølen ligg 2 064 meter over havet, medan Vestre Kvitingskjølen har ei høgde på 2 060 meter over havet.

Beste utgangspunkt: Soleggen fjellstue-  957 m.o.h. i Lom. 
Høgdeforskjell: Ca. 1000 høgdemeter
Antatt tidsbruk: 5–7 timar, tur-retur

Anbefalt skiutstyr: Fjellski, telemark eller vanlig toppturski.
Vanskelighetsvurdering:
Opp: Enkel
Ned: Enkel
Vegval: Noe vurderings- og navigasjonskrevande 
Brattaste parti: 30°

Turen til Kvitingskjølen er truleg ein av dei enklast tilgjengelege 2000-meterstoppane frå Lom sentrum. Turen går i trygt terreng - og er mogleg å gå stort sett heile året. Om vinteren kan det vere avblåst og skarete i området, men om du treff på rette dagen, byr nedturen på fantastisk skikøyring i ope fjellterreng. 

Det er enklast å starte turen frå Soleggen fjellstue, 957 meter over havet. Hit kjem du ved å ta av vegen (Rv. 15) øverst i Vårdalen, mellom Garmo og Lom, og inn på bomveg skilta mot Soleggen. Vêr obs på at vegen ikkje alltid er vinterbrøytt. Frå her er det 6 km./600 høgdemeter opp til parkering ved fjellstua.

Frå her følger ein sommarveg (ikkje vinterbrøytt) mot setergrenda Sålell, 1200 m.o.h. Vegen går fyrst gjennom glissen fjellbjørkeskog før ein dreier mot høgre mot Sålell etter å ha passert skoggrensa. 

Frå Sålell kryssar du Krokåi, som er ei elv, og halder deg på høgre side av ryggen Krokågjelet, og følger denne oppover. Denne følges opp mot Veslkjølen, og vidare inn og opp mot det høgaste punktet, nemleg Austre Kvitingskjølen 2064 moh. Denne toppen er har ei stor fin rundvagle, og ei ganske så spesiell utsikt. Du står høgt, og har ingen andre store toppar i umiddelbar nærleik. Du har godt utsyn mot Rondene i nord, og Jotunheimen i sør og vest.

Ein bør rekne med å bruke 3-4 timar opp til toppen. 

Kart: Lom 1: 50 000

Rundtur: Når du står på toppen av Store Kvitingskjølen, har du nabotoppen; Vestre Kvitinskjølen på 2060 moh. rett vest for deg. Om du tek med deg denne nabotoppen, kan du gjere dette til ein variert rundtur med retur mellom Krokågjelet og Kvitingsgjelet.

Frå Brimi fjellstue/ Tesse:
Det er og mogleg å gå denne turen frå Brimi fjellstue og Brimi sæter.  Dette er ein lang og krevjande tur som og egnar seg godt på fjellski om vinteren. Turen startar langs same merka stig som til Steinbua, frå Brimi fjellstue,  til du er oppkome dei bratte bakkane og kjem til stigkrysset. Frå her går turen mot sør-vest innover dei lange flyene mot Gråvåhøi. Vidare innover kryssar du elva Ilva før siste oppstigning mot toppen startar. Stor og fin varde på toppen, og ei heilt fantastisk utsikt over «heile» Jotunheimen.

Turen er krevande fysisk med ei lengde på 22 km t/r. Tidsbruk: 7–8 timar

Kjelde: Fjellførar Kjell Nyøygard og Brimi turkart

Kart

Veibeskrivelse

Veibeskrivelse til kollektivtransport

Med bil til Soleggen fjellstue: Avkøyring frå Rv 15 mellom Vågå og Lom. Ta av vegen øverst i Vårdalen, mellom Garmo og Lom, og inn på bomveg skilta mot Soleggen. Parkering langs vegen. Ver obs på at vegen ikkje alltid er vinterbrøytt. 

Alternativ rute: Parker og start ved Brimi sæter eller Brimi fjellstue.

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no