Midt i Jotunheimen ved foten av Galdhøpiggen finn du den sjarmerande garden Galde Uppigard. Her bur du i fredelege og idylliske omgjevnader i Bøverdalen, med kort veg til Galdhøpiggen sommarskisenter og Sognefjellet.
Om du er ute etter overnatting ved Galdhøpiggen, og vil bu mellom tjukke trivelege tømmerveggar, er Galde Uppigard verdt eit besøk. Staden er eit perfekt utgangspunkt for skitrening – både alpint og langrenn – turar til fjord og fjell, jakt og fiske. Det er kun ein kilometer til nærmaste butikk. Fin barnevennleg plass beståande av nye og gamle hus med alle fascillitetar.
I det gamle tunet finn du fred og ro, og i Gamlestova som er frå 1719-talet kan du kose deg og brenne på peisen og føle at du bur i eit hus med sjel. Usjenert fin uteplass bak Gamlestova.
Kårstugu: Fint gammalt hus med 14 sengeplassar (4 soverom), stor stue med TV, stort kjøkken med oppvaskmaskin – godt utstyrt til 25 personar. 2 dusjar og toalett.
Dalastugu: Nyrestaurert hus med 2 soverom (6 sengeplassar), stue med TV, kjøkkenkrok med oppvaskmaskin, dusj og toalett.
Loftet: Soverom med 3 senger, stue med TV, kjøkkenkrok med oppvaskmaskin, dusj og toalett.
Stabburet: 4 senger, kjøkkenkrok.
Biblioteket: 2 senger, kjøkkenkrok.
Gamlestova: Opphaldsrom.
Du har elles både sanitæranlegg, tørkerom, klevaskemaskin, smørebu og gratis internett på garden.
Til garden: Følg RV 55 til kyrkja i Bøverdalen (20 km fra Lom) – ta av til høgre over brua – sving til høgre etter brua – følg elva ca. 400 m og sving til venstre. Ring oss for pris og ein triveleg prat. Velkomen som gjest til oss i Galde Uppigard
Vennleg helsing Reidun og Arne