På veg til fjells, og har gløymt mat, drikke eller andre daglegvarer til fjellturen? Da er Coop Prix Bøverdalen god å ha. Denne lokale matbutikken ligg i Lom, ved oppkøyringa til Galdhøpiggen på veg til/frå Sognefjellet og er døgnopen!
Butikken vart totalrenovert i 2022 - og vart da til ein Prix-butikk.
– Både salsarealet og lageret er utvida, og det at butikken blir omprofilert frå Coop Marked til Coop Prix inneber større utval og lågare prisar for kundane, seier Rune Fossmo i Coop Ottadalen.
Døgnopen!
Har du behov for å handle etter at andre butikkar er stengt, er det på Coop-butikken i Bøverdalen mogleg å handle heile døgnet! Butikken er nemleg døgnope med bemanna på vanleg måte store delar av dagen, men med sjølvbetening utanom.
For å kunne handle utanom dei ordinære opningstidene kan du «låse» deg inn og ut av butikken via ein applikasjon og identifisering via norsk BankID.
Om Prix:
Coop Prix er Coop-systemet si lavpriskjede for daglegvarar - med lokal forankring. Butikkjeda vart starta i 1984 under navnet PRIX, og marknadsfører seg med slagordet «Fort gjort!». I dag finst det i underkant av 300 Coop prix-butikkar spredt over heile landet, som fører tradisjonen frå det fyrste samvirkelaget vidare. Service og nærheit er viktig - det skal være hyggelig å handle her. I Bøverdalen vart butikken omprofilert frå Coop Marked til Coop Prix 11.november 2022.
* Sundagsope i sommarsesongen.