Er du ein nysgjerrig utforskar som ynskjer deg nærkontakt med mektig breis? Ta med deg familien til Jotunheimens flottaste brefall!
Eventyrisen, brefallet på Svellnosbrean ligg mellom Galdhøpiggen og Tverråtindan, og er ei verd av is og spennande landskap, ein tumleplass for den eventyrlystne med opplevingstrang, stegjern og isøks. Mange meiner dette er Jotunheimens flottaste bre.
Bøverbreen er en brearm av Smørstabbreen i Jotunheimen og Lom kommune i Oppland. Den strekk seg 7 km vestover i retning Sognefjellshytta. Breen har eit areal på 4,9 km².
Heile poenget med brevandring i blåisen er å oppleve, ikkje å kome lengst mogleg på kortast mogleg tid. Å ferdast på snøbrear og blåis krev kjennskap til og erfaring med bre og utstyr - eller følgje av ein erfaren breførar. Om du ynskjer å få nærkontakt med blåisen, så arrangerer våre guideselskap guida breturar heile sommaren. På brevandring kjem du tett på sprekkar, grotter og tårn i isen. Du kan krabbe gjennom istunellar, bli firt ned i ein sprekk eller klatre med isøkser i ein isvegg. På guida bretur på Bøverbreen eller Svellnosbreen er alle sikra i tau og har eit felles ansvar for kvarandres sikkerheit.
Ski på isbre
Tidleg på sesongen, er mange gira etter å kome seg på den fyrste toppturen, og da freistar det ofte å legge turen til ein isbre. Dette er ikkje riskofritt. Fyrst og fremst er dette grunna bresprekker og mogleg snøbruer du ikkje ser.
- Det hjelper lite med sele, tau og mykje utstyr, viss du ikkje kan å bruke det, seier guide og lokal kjentmann i Jotunheimen, Iver Lund Aakre i Fyrst og Fremst, som understreker at det er viktig å kjenne til breen og snøforholda, og å kunne rutiner for redning og taulag, for å kunne planlegge ein trygg opp- og nedtur på isbre.
Guide på tur? Her er oversikt over guidar og aktivitetsselskap i Lom og Jotunheimen: Guidar og aktivitetsselskap
Sjå Iver sine tips i videoen under, og så kan du planlegge ein trygg og eventyrleg topptur på eller utanfor bre i Jotunheimen i vinter.
"Glaciers can move mountains as well as they will move you".
Geologi-stig opp til brefronten på Storbreen i Leirdalen. Informasjonstavle ved brua over Leira. Turen går i lett lende med 16 postar og tek omlag to timar opp.