Fyrst og Fremst | Brevandring

TypeBrevandring

Ulstadveg 26, 2686, Lom

Sjekk tilgjengelighet forFyrst og Fremst | Brevandring (Åpnes i et nytt vindu)

+47 93 66 11 18

  • Trygg ferdsel med ski på isbre
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Brevandring Fyrst og Fremst
  • Fyrst og Fremst brevandring.
  • Bilete av Iver Lund Aakre i Fyrst og Fremst.
  • Product Image

Om

Gira på ei oppdagingsferd i blåisen?  Brevandring er som ein tur attende i tid, der du får utforske isen og sjå på korleis den har forma landskapet gjennom tusenvis av år.

I løpet av ein slik tur oppsøker ein ulike formasjonar som bresprekkar, istårn, tunellar og holer. 

I Jotunheimen har vi isbrear i ulike former. Dei flate breane med få sprekkar vert ofte brukt for å få tilgang til ein fjelltopp, medan dei meir spektakulære breane vert nytta for opplevinga.

Brevandringa er lagt opp som ein 5-timars tur, med om lag 3 timar på sjølve isen,  der du vil lære korleis isbreane har vore med å utforma Noreg gjennom tusenvis av år.

Bøverbrean er ein del av den mektige Smørstabbreen som strekk seg ei mil frå turisthytta Krossbu, rundt Storebjørn og ned mot Gravdalen. Svellnosbreen har litt lengre innmarsj frå Spiterstulen turisthytte, men gjev like lang tid på isen. I løpet av dagen oppsøker vi fantastiske blåisformasjonar og utfordringar som er tilpassa gruppa.

Målet med ei brevandring er ikkje å koma lengst mogleg på den tida vi har, men å oppleva noko. Fyrst og Fremst legg derfor opp til å gjera gruppa merksame på det vi har rundt oss av plante og dyreliv, formasjonar i isen og historiane bak dette. På brevandringane utforskar vi breane med det dei har å by på av sprekkar, tunellar og tårn i isen. Førebu deg på ein avslappa og triveleg tur der skjerpa sansar står i fokus!

Breane er alltid vakre, men kan vanlegvis vera meir spektakulære mot slutten av sumaren.

Kontakt oss for spørsmål og bestilling

Kart

Sjå meir

Fyrst og Fremst | Ski og toppturar i Jotunheimen, LomVinter som vår er altså ei fantastisk tid for skiturar på både fjellski og randonee. Fyrst og Fremst er eit guide- og aktivitetsselskap med base i Lom og Jotunheimen. Saman reiser vi på jakt etter minnerike opplevingar, for vi har fyrst og fremst eit mål om å leggje til rette for dei gode…

Caving, jotunheimen, guidingFyrst og Fremst | Grottetur i Dumdalen, LomGira på å utforske 10.000 år gamle kalksteinsgrotter? Fyrst og Fremst tek deg med på ei guida oppleving i undergrunnen i Dumdalen langs Sognefjellsvegen.

Fyrst og Fremst | Guida tur til Galdhøpiggen, LomBli med dyktige guidar frå Fyrst og Fremst til toppen av Norge - Galdhøpiggen!

Ski mountaineering in JotunheimenFyrst og Fremst | Guiding og aktivitetar i Lom og Jotunheimen, LomFyrst og Fremst er eit guide- og aktivitetsselskap med base i Lom og Jotunheimen. Tilbyr breturar, ulike kurs, toppturar på ski og Galdhøpiggen sommar og vinter.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no