For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Fyrst og Fremst | Guida tur til Galdhøpiggen

TypeGuidet tur

Ulstadveg 26, 2686, Lom

+47 93 66 11 18

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Med sine 2469 meter over havet er Galdhøpiggen både Noregs og Nord-Europas høgste fjell. Fyrst og Fremst legg til rette for at alle kjem seg trygt til toppen av Noregs tak! 

Å bestige Galdhøpiggen er ein relativt enkel tur som passar dei fleste, og er godt egna for barnefamiliar. Uansett nivå, tilpassar  Fyrst og Fremst turen slik at det vert ei best mogleg oppleving for heile gruppa.​​​

På bre frå Juvasshytta:
Turen startar på Juvasshytta, 1840 m.o.h. Frå her er det 5,5km og 630 høgdemeter til toppen. Fyrste etappe går om lag 1,5 time i steinur og slakt terreng inn til Styggebreen. Her bitt vi oss i taulag, og brukar om lag ein time over isbreen. Siste og tyngste etappe går opp "Piggeura" som ikkje er så lang, men noko brattare. Totalt reknar vi om lag 7 timar på turen.

​Undervegs har vi jamne stopp med blant anna prat om det vi har rundt oss, landskapet og historier frå dei siste 200 åra sidan ein byrja å gå på Galdhøpiggen. Vi pratar om dei fyrste som nådde toppen, korleis dei kom seg dit, utviklinga både i lokalsamfunnet og tilgangen på slike type turar.

Fyrst og Fremst tek på seg guiding av både små og store grupper, og legg opp turen etter gruppa sitt nivå og ynskje. Gruppa og opplevinga er i fokus under heile turen. Vi har ikkje daglege turar til Galdhøpiggen, men er klare for tur om du ynskjer eigen guide for familien eller gruppa.

Kontakt oss for spørsmål og bestilling. 

 

Kart