For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Nasjonal turistveg | Gamle Strynefjellsvegen

TypeNasjonal Turistvei

2690, Skjåk

+47 61 21 29 90

Stabbesteiner på fylkesveg 258, Nasjonal turistveg Gamle Strynefjellsvegen i Videdalen, Stryn. Foto Per Ritzler  Statens vegvesen
  • Stabbesteiner på fylkesveg 258, Nasjonal turistveg Gamle Strynefjellsvegen i Videdalen, Stryn. Foto Per Ritzler  Statens vegvesen
  • Fylkesveg 258 Nasjonal turistveg Gamle Strynefjellsvegen, er betraktet som verneverdig_
  • Gamle Strynefjellsvegen i Videdalen. Veien preges av stabbesteiner, steinmurer og god terrengtilpassing. Foto Roger Ellingsen  Statens vegvesen
  • Product Image
  • Fylkesveg 258 Nasjonal turistveg Gamle Strynefjellsvegen
  • Nasjonal turistveg Gamle Strynefjellsvegen
  • Product Image
  • Gamle strynefjellsvegen er vinterstengt. Sjå raudmerking på kart
  • Breidalsvatnet

Om

Nasjonal turistveg Gamle Strynefjellsvegen - langs steinmurar og stabbesteinar

Nasjonal turistveg Gamle Strynefjellsvegen går mellom Grotli og Videsæter og er 27 km lang (veg 258). Den litle staden Hjelle har og ein viktig rolle for turistvegen då gamlevegen starta ved brygga i Hjelle.

Ein smal veg svingar seg i eitt med naturen over Strynefjellet, eit stykke norsk veghistorie som var einaste ferdselsvegen mellom Skjåk og Stryn i det meste av førre hundreåret. I 1997 fekk vegen status som nasjonal turistveg og stod opprusta i 2003.

Historie: 
Mellom fjellbygda Skjåk og fjordbygda Stryn var det frå gamalt av fleire kløv- og rideveger for frakt av folk og livsviktige varer. Det var tungt, og det gjekk seint. Da turismen tok til å bli ei viktig næring for fjordbygdene dei siste tiåra av 1800-talet, dukka dei første tankane om ein kjøreveg over Strynefjellet opp.

I 1881 kom vedtaket om å byggje veg mellom Grotli og Hjelle, og det var stor stas då dei fyrste vognene kunne ta seg fram på vegen da den opna i 1894. Vegen framstår fremleis ganske urørt. Her finn du gamle handlaga murar, og stabbesteinar som står i lange rekkjer langs vegen. Dette er autovern frå ei tid då hest og kjerre var vanlegare enn bil. Spor av gamle kløvstiar som vart brukt til ferdsel mellom aust og vest, går rett ved sida av vegen. På Gamle Strynefjellsvegen finn du også gamle steinheller som vegfarande brukte til overnatting.

"Nye" Strynefjellsvegen - heilårsveg: 
I 1978 blei Strynefjellsvegen avløyst av ein ny 12 km lang heilårsveg med tre tunnelar. Men utsyn og vidsyn er det framleis gamlevegen som gjev. For det er ikkje berre handarbeidet og historia som gjer den til turistveg. Med ei lengde på berre 27 km demonstrerer Strynefjellsvegen spenninga i naturen mellom aust og vest, dei gamle avrunda formene i aust og stupet og nyare apine former mot vest.

Her finn du vill natur, berre bebudd av fuglar og dyr som er tilpassa arktisk klima, kanskje eit rovdyr på vandring, ein villrein, ei kongeørn, eller sauer på sommarbeite. Her er det plass og tid. Sett bil og sinn i låggir og gjev deg inn i høgfjellet.

Opplevingar: 
Når fjellet skifter til haustdrakt er Gamle Strynefjellsvegen verkeleg praktfull. Naturen er alltid like vakker, men haustfargane gir ein heilt egen glød og oppleving. Alle som likar nærleik til friske fossefall må leggje inn tid til å stoppe på utsiktspunkta ved Øvstefossen og Videfossen. Tar du turen på sykkel får du verkeleg igjen for innsatsen på Norges eldste turistveg.

Sykkel: 
Gamle Strynefjellsvegen er ei relativt kort strekning med oppleving av gammal veghistorie. Det er lettast å starte på Grotli. Den første delen syklar du på grusveg og etter kvart forsvinn bjørkeskogen og fjellandskapet opnar seg. Etter passering av sommarskisenteret får du ei god «utforkøyring» med vidstrakt utsikt mot dalen og fjella rundt og fleire flotte fosseopplevingar. Vel nede ved Strynsvatnet bør du legge inn ein stopp på Hjelle.

Vinterstengt:
Nasjonal turistveg Gamle Strynefjellsvegen er stengt i vinterhalvåret. Strekninga er normalt stengt i oktober og opnas igjen i juni

Kjelde: www.nasjonaleturistveger.no

Kart

Veibeskrivelse

Veg og trafikkinformasjon - telefon 175. Kart med oppdaterte trafikkmeldinger >>

GPS: Grotli 62.006193, 7.630928 Videsæter 61.938229, 7.263068