Topptur på ski: Store Rauddalstinden (2157 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Leirdalsvegen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Product Image

Om

Rauddalstindane er ein omlag 7 kilometer lang fjellrygg sentralt i Jotunheimen med totalt 3 vakre toppar over 2000 meter over havet i tillegg til fleire lågare!

Beste utgangspunkt: Leirvassbu
Høgdeforskjell: Ca. 900 meter
Antatt tidsbruk: 8–10 timer fra Leirvassbu, hvorav 1-2 timer retur
Ver obs på: Utglidningsfare og tidvis overhengende toppskavler.
Utstyr: Normalt toppturutstyr + skarejern, stegjern og isøks
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée og fjellski
Vanskelighetsgrad:
Opp: Middels
Ned: Krevende
Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevende
Brattaste parti: I overkant av 30°.

Fylg kvista løype vestover fra Leirvassbu ned til Gravdalsdammen. Her byrjar du å skrå oppover mot ryggformasjonene vest for Vestre Rauddalstinden. Ver merksam på lokalt bratte og skredutsette partier. Når du kjem opp på ryggen er det enkelt å fylge denne forbi fortoppen på omlag 1930 meters høgde. Det siste stykket opp til Store Rauddalstinden er det jevnt omlag 30 grader bratt. Det er flott nedkøyring attende til Gravdalsdammen, men dette gjev ein lang marsj attende til Leirvassbu. Dei fleste vel å gjera turen som rundtur ved å køyre ned austsida og inn på Alvbreen. Nedkøyringa over ryggen fra toppen er bratt, og er ein på tur med fjellski vil det være fornuftig å bera skia ned det brattaste partiet. Fra Alvbreen ned til Simledalen er det i hovudsak enkel nedkøyring i slakt terreng, men det er mogleg å finne brattare terrengdetaljer som gjer skikøyringa meir spanande. I Simledalen køyrer du vestover i det slake terrenget, til du kjem attende til den kvista løypa i Gravdalen. Denne fylger du attende til Leirvassbu. Enkelte vel å køyre Kristenbreen ned att til Gravdalen. Dette er ei nydelig køyreline, der det er mogleg å velje brattheit frå omlag 30 grader.

VIKTIG
Kryssing av elv: Om våren vert elva Leira kryssa av mange, ofte på små område der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierar frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå riksvei 55. Det er normalt greit å parkere på vegskuldra og naturlege «lommar» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.