For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Fisking kring Leirvassbu

TypeFiske

2687, Bøverdalen

Sjekk tilgjengelighet forFisking kring Leirvassbu (Åpnes i et nytt vindu)

92 89 32 26

Leirvassbu er krinsa av Leirvatnet, Troget, Panna og Kyrkjetønne
  • Leirvassbu er krinsa av Leirvatnet, Troget, Panna og Kyrkjetønne
  • Aurefiske i Jotunheimen
  • Leirvatnet, Øvre Høvalgtjønn og Gravdalstjønnin
  • Teltliv - ein godêrsdag ved Øvre Grisletjøinn.

Om

Turisthytta Leirvassbu i Leirdalen er eit ypperleg utgangspunkt for fjellturar i kombinasjon med fisking. Her kan du bu på hytta og dra på dags-og kveldsturar med heile familien, eller igge fleire dagar i telt og oppsøke ulike vatn.

Nærmast hytteveggen ligg Leirvatnet ved foten av fjellet Kyrkja. Dette er eit relativt stort vatn - berre eit par minutters gange frå parkeringsplassen. På motsatt side av parkeringsplassen ligger tre mindre vatn med gode fiskemoglegheiter. 

Om du vel å gå i retning mot Spiterstulen og Visdalen, finn du fjellvatna Troget, Panna og Kyrkjetjønne på rekke rad. Vatna innehalder kun aure.

Om du går i retning mot Gravdalen og Skogadalsbøen kjem du til Gravdalstjørnene, med tilhøyrande små tjern rundt. For å komme dit følger du en gammal anleggsveg. Dit går det òg an å sykle.

Om du går mot Gjendebu over Høgvaglen kjem du til Øvre og Nedre Høgvagltjønnen. Regn med ein times gange til du kjem til Øvre vatnet. Da kan du fiske vidare nedover vassdraget til Langvatnet som er om lag 6 km langt.

Tips til rundtur med fiskestong - frå Leirvassbu: 
Om du vil ta deg ein rundtur med Leirvassbu som startpunkt, kan du gå ned Gravdalen og fiske i vassdraget ned til Gravdalsdammen. Gå vidare ned Utladalen om lag ein kilometer, og ta til venstre opp Rauddalen. Gå deretter til Olavsbu, som ligg i eit kryssområde for DNT sine turruter. Det er mogleg å overnatte i den sjølbetjente DNT-hytta Olavsbu. 

Om du vel den stuttaste ruta til Olavsbu, følg DNT-råket over Høgvaglen og kryss elva før du kjem til Langvatnet. Du vil da krysse Raudalsbandet på 1560 moh. før terrenget heller ned mot Olavsbu.

Frå Olavsbu går du vidare mot Gjendetunga. Det er fleire gode fiskevatn i Rauddalen. Det anbefales å slå opp telt ved Grisletjønnen.

Du kan så dreie nordover att og gå i retning Trondsholtjønne. På vegen vil du passere eit vatn som ligg på 1400 moh. Der er det fisk. Du kan så fiske i både Trondsholtjønne, Hellertjønne og Langvatnet, før du kjem til Høgvagltjønnen.

Dette er eit godt alternativ for en 2-3 dagars fjelltur med fisking! 

Om du skal på topptur eller går frå hytte til hytte så ta gjerne med fiskeutstyr. Å koke eller steike fisk i høgfjellet gir for mange den ultimate villmarkskjensla! 

Fleire fisketips og turbeskrivingar finn du i boka "Fiskevatn utenfor allfarveg" av Morten Wangen.

Fasiliteter

Aktiviteter

  • elvefiske
  • ferskvannsfiske
  • fiske i vann
  • fiskekort
  • fiskemuligheter
  • fluefiske

Dyr/fiske slag

  • ørret

Generelle fasiliteter

  • fiskekort

Natur og terreng

  • sportsfiske

Symboler

  • Fisketur

Kart

Sjå meir

Leirvassbu | Turisthytte DNT, LomLeirvassbu fjellstue ligg idyllisk til ved Leirvatnet på 1400 meter over havet, og er eit ypperleg utgangspunkt for fjellvandring, toppturar, breturar, brekurs, matkurs, vårskiløping, klatring og fisking i fjellvatna.

Turtips: Stetinden (2020 m.o.h.) frå Leirvassbu, LomFOTTUR TIL STETINDEN (2020 m.o.h): Toppen med sin «sorte knoll» er enkel å sjå frå Leirvassbu, og er ein av dei mest populære turane frå hytta.

"Kyrkja" 2032 moh in Jotunheimen. Impressive peak wich resembles a church. Turtips: Kyrkja (2032 m.o.h.) frå Leirvassbu, LomFOTTUR TIL KYRKJA (2032 m.o.h): Det karakteristiske fjellet med toppen som likar eit kyrkjespir omtales som signaturfjellet i denne delen av Jotunheimen.

Turtips: Rauddalstindane frå Leirvassbu, LomFOTTUR TIL RAUDDALSTINDANE: Rundtur med spektakulær utsikt over dei fleste toppane og tindane i Jotunheimen.

Turtips: Store Urdadalstinden (2116 moh.) frå Leirvassbu, LomFOTTUR TIL STORE URDADALSTINDEN (2116 m.o.h): Toppen er lett tilgjengeleg frå turisthyttene Leirvassbu og Spiterstulen, og kan kombinerast med å traversere heile Urdadalsryggen.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no