For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Turtips: Rauddalstindane frå Leirvassbu

TypeTopptur sommer

Leirdalen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Rauddalstindane ligg "midt" i Jotunheimen og består av tre 2000-meterstoppar. Mange vel å gå denne turen som ein rundtur frå Leirvassbu.

Stad: Jotunheimen, Luster kommune i Vestland fylke. 
Beste utgangspunkt: Leirvassbu turisthytte 
Lengde: 25 km
Tid: 10-12  timar tur retur.
Stigning: Ca. 1200 høgdemeter frå Leirvassbu
Vanskelegheitsgrad: Krevjande
Ver obs på: Bratt siste stykket opp til toppunktet der det kan ligge att snø og is. Skavlen ved toppen av Store Rauddalstind kan vere vanskeleg å passere.

Rauddalstindane ligg i Luster kommune i Vestland fylke og består av toppane Vestre Rauddalstind (2059 moh.), Store Rauddalstind (2157 moh.) og Austre Rauddalstinden (2086 moh.) Mange vel å gå Vestre og Store Rauddalstind som ein rundtur.

Turen startar frå Leirvassbu der du følgjer skiltinga mot Skogadalsbøen som går etter anleggsvegen innover Gravdalen. Om du vil spare litt tid og krefter kan du bruke sykkel på første del av turen (ver obs om du skal gå både Vestre og Store Rauddalstind, då må du sette att sykkelen der vegen passerar mellom Høglvaglhøi og Surtningstind). 

Ved Gravdalsdammen tek du av til venstre i retning Vestre Rauddalstind. Deretter følgjer du ryggen opp mot ein av fortoppane, før du følgjer bandet austover. Det blir etterkvart smalare og stadvis nokså luftig før du kjem ut på Vestre Rauddalstind (2059 moh).

Om du vil gå kan du gå vidare mot Store Rauddalstind ( 2157 moh). Det er ingen store utfordringar mellom Vestre og Store Rauddalstind, men det blir ein del brattare når du nærmar deg toppen av Store Rauddalstind. Ver obs på at det kan ligge att snø og is her. På veg nedatt passerer du Alvbreen og følgjer vidare ryggen ned mot Simledalen. Deretter krysser du elva og følgjer Gravdalen tilbake til Leirvassbu.

Dersom du er på veg til Olavsbu kan du også legge ruta forbi Austre Rauddalstind (2086 moh.).

Vintertur: 

Fylg kvista løype vestover fra Leirvassbu ned til Gravdalsdammen. Her byrjar du å skrå oppover mot ryggformasjonene vest for Vestre Rauddalstinden. Ver merksam på lokalt bratte og skredutsette partier. Når du kjem opp på ryggen er det enkelt å fylge denne forbi fortoppen på omlag 1930 meters høgde. Det siste stykket opp til Store Rauddalstinden er det jevnt omlag 30 grader bratt. Det er flott nedkøyring attende til Gravdalsdammen, men dette gjev ein lang marsj attende til Leirvassbu. Dei fleste vel å gjera turen som rundtur ved å køyre ned austsida og inn på Alvbreen. Nedkøyringa over ryggen fra toppen er bratt, og er ein på tur med fjellski vil det være fornuftig å bera skia ned det brattaste partiet. Fra Alvbreen ned til Simledalen er det i hovudsak enkel nedkøyring i slakt terreng, men det er mogleg å finne brattare terrengdetaljer som gjer skikøyringa meir spanande. I Simledalen køyrer du vestover i det slake terrenget, til du kjem attende til den kvista løypa i Gravdalen. Denne fylger du attende til Leirvassbu. Enkelte vel å køyre Kristenbreen ned att til Gravdalen. Dette er ei nydelig køyreline, der det er mogleg å velje brattheit frå omlag 30 grader.

VIKTIG INFORMASJON
Kryssing av elv: Om våren blir elva Leira kryssa av mange, ofte på små områder der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierer frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: P-plass ved Leirvassbu.

Meir info? Du finn fleire turtips i boka «På tur – Leirvassbu». Kart med innteikna ruter får du kjøpt på Leirvassbu.

 

 

 

 

Kart

Veibeskrivelse

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no