For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Turtips: Kyrkja (2032 m.o.h.) frå Leirvassbu

TypeTopptur sommer

Leirdalen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

  • Turtips Kyrkja i Jotunheimen
  • Kyrkja 2032 moh i Jotunheimen. Topp som eit kyrkjespir og populær fjelltur midt i Jotunheimen.
  • Product Image

Om

Kyrkja ligg midt i hjertet av Jotunheimen, like ved Leirvatnet og Leirvassbu. Fjellet kan seiast å vere signaturfjellet i denne delen av Jotunheimen grunna sin karakteristiske kyrkjespir-liknande spiss på 2032 meter over havet.

Stad: Jotunheimen, Lom kommune 
Beste utgangspunkt: Leirvassbu turisthytte 
Lengde: 8,5 km tur-retur
Tid: 4-6  timar tur retur.
Stigning: Ca. 630 høgdemeter frå Leirvassbu
Vanskelegheitsgrad: Middels
Ver obs på: Bratt siste stykket opp til toppunktet. Hendene må tas til hjelp.

Kyrkja ligg like ved Leirvassbu der vegen endar, og er såleis svært tilgjengeleg. Kombinasjonen av kort anmarsj og spennande, men ikkje alt for krevjande åtkomsts gjer dette til ein populær topp som kan passe for dei aller fleste.

Turen til Kyrkja er ikkje så vanskeleg som det kan sjå ut som ved fyrste augekast. Turen tek mellom 4-6 timar, og sjølv om det siste partiet er litt bratt, er det ikkje noko problem om man tar henda til hjelp.

Turen startar 1410 meter over havet ved Leirvassbu ved å følge anleggsveien nedover Gravdalen. Etter noen hundre meter bryter du av til venstre og fylgjer T-merka sti over Høgvaglen. Når den T-merka stigen startar nedstigning mot Øvre Høgvagltjønnen, skal du ta av til venstre opp bandet mot Kyrkjeoksle. Her er det vardar som viser veg og nokså tydeleg trakk oppover, men om det tetnar til må du klare å finne vegen på eigen hand.

På vel 1750 meters høgde dreier du nord, og fylgjer ryggen rett opp mot Kyrkja. til å begynne med er det for det meste steinur, men etter kvart som ein kjem lenger opp langs ryggen går det over til fast fjell. På omtrent 1850 meter kjem det fyrste bratte partiet. Det er godt med hyller og stå på, så dei fleste kjem seg opp utan problem. Sjølv om det er litt bratt på slutten, kan ein bli overraska over at det ikkje er luftigare. 

Kyrkja ligg omkransa av høge toppar på alle kantar, men grunna si frittliggjande plassering får du formidabel utsikt i 360 graders omkrins. I nord har ein fjellområdet med Galdhøpiggen, medan ein litt lenger vest har Smørstabb-tindane med Storebjørn. Mot aust har ein Memurutindane, og litt lenger nordover ser ein Glittertinden. 

Om ein ynskjer ei ekstra lita utfordring kan ein ta turen utom tvillingtoppen som ligg like nord for Kyrkja. Passasjen ut hit er svært luftig, men varda slik at vegen er grei å finne.

Dei aller fleste går ned den same vegen som dei kom opp, men om du ynskjer litt variasjon er det ei moglegheit å gå ned mot vest når du kjem til sadlen mellom Kyrkja og Kyrkjeoksle og fylgje austsida av Leirvatnet attende til Leirvassbu.

Vintertur:
Kyrkja er ikkje sett på som eit typisk skiturfjell, sidan toppen er nokså bratt. Dei fleste legg difor att skia på Kyrkjeoksle, og går til toppen til fots. Her kan isøks og stegjern kome godt med. For nedkøyringa er fjellets bakside ned mot Kyrkjetjønne det beste alternativet, og her kan ein ofte finne vindbeskytta puddersnø i terreng i underkant av 30 grader.

VIKTIG INFORMASJON
Parkering: Leirvassbu. For å kome til Leirvassbu køyrer ein ca. 26 km på fylkesveg 55 frå Lom sentrum, før ein tek av til venstre. Avkøyringa er merka "Leirvassbu". Vegen inn til Leirvassbu er 15 km lang, og om vinteren er det brøyta 9 km innover. Vegen er privat, og du betaler bom etter avkøyringa frå fv 55. Bommen tek kort.

Meir info? Du finn fleire turtips i boka «På tur – Leirvassbu». Kart med innteikna ruter får du kjøpt på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

Sjå meir

Leirvassbu | Turisthytte DNT, LomLeirvassbu fjellstue ligg idyllisk til ved Leirvatnet på 1400 meter over havet, og er eit ypperleg utgangspunkt for fjellvandring, toppturar, breturar, brekurs, matkurs, vårskiløping, klatring og fisking i fjellvatna.

Geostig på Storbrean i Leirdalen, LomGeologi-stig opp til brefronten på Storbreen i Leirdalen. Informasjonstavle ved brua over Leira. Turen går i lett lende med 16 postar og tek omlag  to timar opp.

Turtips: Vandrerute Leirvassbu - Skogadalsbøen, LomFrå turisthytta Leirvassbu i Leirdalen, går denne turen på godt merka sti til turisthytta Skogadalsbøen, som ligg vakkert til i Utladalen ved foten av Gjertvasstind og Fannaråken, vest i Jotunheimen.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no