For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Turtips: Vandrerute Leirvassbu - Skogadalsbøen

TypeTopptur sommer

Postboks 63, 2688, Lom

+47 61 21 29 90

Frå Leirvassbu går ein gjennom Gravdalen mot Skogadalsbøen. Foto: Mari Arnøygard Wedum
  • Frå Leirvassbu går ein gjennom Gravdalen mot Skogadalsbøen. Foto: Mari Arnøygard Wedum
  • Frå Leirvassbu går ein gjennom Gravdalen mot Skogadalsbøen. Foto: Mari Arnøygard Wedum

Om

Frå turisthytta Leirvassbu i Leirdalen, går denne turen på godt merka sti til turisthytta Skogadalsbøen, som ligg vakkert til i Utladalen ved foten av Gjertvasstind og Fannaråken, vest i Jotunheimen.

Stad: Jotunheimen, Lom kommune
Beste utgangspunkt: Leirvassbu turisthytte 
Lengde: 19 km 
Tid: 6  timar 
Stigning: 216 høgdemeter til toppunktet på 1441 moh.

Turen startar 1410 meter over havet ved Leirvassbu turisthytte i Leirdalen, som er eit ypperleg utgangspunkt for  vandring og toppturar både om sommaren og vinteren. Følg fyrst anleggsveien sørover langs Leirvatnet, forbi stidelet til Olavsbu og vidare vestover langs Gravdalstjørnene og forbi stidelet til Smørstabbrean og Krossbu/Sognefjellshytta. Her kjem du inn i Gravdalen.

Følg stien som går i lett terreng nedover dalen og på sommarbru over Sandelvi ved Gravdalsdammen. Vidare langs Storutla inn i Storutladalen mellom Skogadalsnosi og Hillerhø. Over elva på heilårsbru ved stidelet til DNT-hytta Olavsbu. Deretter går du vestover til stien svingar sørover inn i Utladalen. Stidele til Turtagrø, Fannaråkhytta og Sognefjellshytta/Krossbu på andre sida av Storebrui. Vidare i frodig terreng sørøver til Skogadalsbøen.

Meir info om turen her: ut.no: Leirvassbu - Skogadalsbøen

 

Kart

Sjå meir

Leirvassbu | Turisthytte DNT, LomLeirvassbu fjellstue ligg idyllisk til ved Leirvatnet på 1400 meter over havet, og er eit ypperleg utgangspunkt for fjellvandring, toppturar, breturar, brekurs, matkurs, vårskiløping, klatring og fisking i fjellvatna.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no