For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Turtips: Store Urdadalstinden (2116 moh.) frå Leirvassbu

TypeTopptur sommer

Leirdalen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

  • Turtips Jotunheimen | Store Urdadalstinden 2116 moh.
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Urdadalstindane er ei tinderekke på vestsida av Urdadalen sentralt i Jotunheimen i Lom kommune. Store Urdadalstinden er den nordlegaste og høgaste av dei, 2116 meter over havet. Ein tilgjengeleg topptur som ikkje krev tau eller kryssing av bre.  

Stad: Jotunheimen, Lom kommune
Beste utgangspunkt: Leirvassbu turisthytte (1400 moh.) eller Spiterstulen turisthytte (1100 moh.)
Lengde: 13 km tur-retur frå Leirvassbu
Tid: 4-6  timar tur- retur.
Stigning: Ca. 700 høgdemeter frå Leirvassbu og 1000 høgdemeter frå Spiterstulen
Vanskelegheitsgrad: Middels
Ver obs på: Dårleg merka og bratt siste stykket opp til toppunktet. 

Frå Leirvassbu (1400 moh.) følger du T-merka rute mot Spiterstulen forbi Kyrkjeglupen, over høgde merka med 1499 meter på kartet, og fortsetter eit lite stykke nedover til elva Visa er kryssa. 

Deretter begynner du oppstigninga i det slake terrenget oppover mot Semelholstjønne. Bestigninga startar i nordenden av Semelholstjønne, der det er mogleg å finne hylle- og terrengformasjonar som forenklar klyvinga mot toppen. Men det er ein grunn til at fjellet har namnet sitt, for her er det mykje ur! Det er imidlertid ei blanding av vegetert terreng, steinur og glatte sva, slik at det er viktig å navigere seg rundt dei brattaste og glattaste partiene. Ein siktar seg inn på bandet mellom Store og Midtre Urdadalstinden, og følger deretter ryggen til topps.

Frå Spiterstulen (1100 moh.) ligg Store Urdadalstinden lett synleg mot sør innover Visdalen frå parkeringen på Spiterstulen. Toppen ruver stolt i en pyramideformet form med ein liten bre mot aust. Turen startar ved å følge merka sti mot Gjendebu - ein innmarsj på 6-7 km i lettgått terreng gjennom Visdalen. Elva Hellstuguåe krysses på to solide trebroer, og stigen forsetter flatt innover. Ved foten av fjellet, kryssar du bekken som går innoven Urdadalen og setter kursen mot nordaust-sida av fjellet. Det er mykje stein oppover mot toppen. Ver obs på at mange er både store og lause. 

Urdadalstind-traversen: 
Dette er ein klassisk ryggtravers med mykje klyving over skarpe egger. Krever ikkje tau, men ein god porsjon eventyrlyst og pågangsmot i steinura. På denne traversen kan du plukke med deg over fem toppar over 2000-meter. Turen startar anten frå Spitestulen eller Leirvassbu. Frå Spiterstulen er turen ca. 23 km. lang totalt. Du bør rekne 10-11 timar på turen. 

Toppar på turen: 
Store Urdadalstinden - 2116 moh.
Midtre Urdadalstinden - 2060 moh.
Urdadalstinden S1 - 2080 moh.
Vesle Urdadalstinden - 2010 moh.
Urdadalstinden S2 - 2005 moh.

Kart

Veibeskrivelse

Sjå meir

Leirvassbu | Turisthytte DNT, LomLeirvassbu fjellstue ligg idyllisk til ved Leirvatnet på 1400 meter over havet, og er eit ypperleg utgangspunkt for fjellvandring, toppturar, breturar, brekurs, matkurs, vårskiløping, klatring og fisking i fjellvatna.

Geostig på Storbrean i Leirdalen, LomGeologi-stig opp til brefronten på Storbreen i Leirdalen. Informasjonstavle ved brua over Leira. Turen går i lett lende med 16 postar og tek omlag  to timar opp.

Turtips: Vandrerute Leirvassbu - Skogadalsbøen, LomFrå turisthytta Leirvassbu i Leirdalen, går denne turen på godt merka sti til turisthytta Skogadalsbøen, som ligg vakkert til i Utladalen ved foten av Gjertvasstind og Fannaråken, vest i Jotunheimen.

Winter at Spiterstulen. Spiterstulen | Turisthytte, LomSpiterstulen turisthytte ligg 1111 m.o.h. ved foten av Galdhøpiggen, og Jotunheimen sine flottaste brear. Spiterstulen er eit perfekt utgangspunkt for fjellturar både om sommaren og vinteren.

Topptur på ski: Stetinden (2020 m.o.h.), LomTOPPTUR TIL STETINDEN (2020 m.o.h) Velkjend skifjell med mange moglegheiter!

Turtips: Stetinden (2020 m.o.h.) frå Leirvassbu, LomFOTTUR TIL STETINDEN (2020 m.o.h): Toppen med sin «sorte knoll» er enkel å sjå frå Leirvassbu, og er ein av dei mest populære turane frå hytta.

"Kyrkja" 2032 moh in Jotunheimen. Impressive peak wich resembles a church. Turtips: Kyrkja (2032 m.o.h.) frå Leirvassbu, LomFOTTUR TIL KYRKJA (2032 m.o.h): Det karakteristiske fjellet med toppen som likar eit kyrkjespir omtales som signaturfjellet i denne delen av Jotunheimen.

Turtips: Rauddalstindane frå Leirvassbu, LomFOTTUR TIL RAUDDALSTINDANE: Rundtur med spektakulær utsikt over dei fleste toppane og tindane i Jotunheimen.

Turtips: Galdhøpiggen via Svellnosbrean, Lom"Breen-piggen" er ein klassisk dagstur frå turisthytta Spiterstulen som byr på stivandring, moreneområder, breoppleving og klyving til Norges tak!

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no