Badeplassar i Lom | Sandstrand ved Liabrue

TypeBad

2686, Lom

+4761212990

  • Badestrand ved Liabrue i Lom
  • Product Image
  • Product Image

Om

Er du klar for ein frisk dukkert når du er i Lom og Jotunheimen? Badestranda ved Liabrue er Lom sitt svar på "sydenstrand".

Ved Liabrue er det nemleg sandstrand på begge sider av vegen, langgrunt og difor også barnevenleg.

Liabrua ligg omlag 7 km aust for sentrum i retning Otta. Følg skilting til Liabru. Rett på andre sida til venstre finn du badeplassen.

Badeplassar i Lom sentrum:
Det er også ein badeplass omlag 400 meter frå Lom sentrum ved Ottadalen Mølle. Ta RV 15 frå Lom sentrum ca 400 m. vestover mot Stryn. Ved Ottadalen Mølle går vegen til høgre, deretter fyrste til venstre og enda ein gong til venstre.

Det er også mogleg å bade i elva Bøvra, rett nedanfor Nordal turisthotell, der det er ei lita strand. Vêr obs på straumen i elva, og hald deg nær land! 

 

 

 

Kart