For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Vestre Tverrbottinden (2113 moh.)

TypeTopptur vinter

Leirdalsvegen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

  • Topptur Vestre Tverrbottinden
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Vestre Tverrbottinden (2113 m.o.h.) er eit fint skifjell med utgangspunkt i Leirdalen i Lom. Har du dagen eller dagane for deg er turen godt eigna for ein lengre rundttur i området.

Beste utgangspunkt: Geitsetre i Leirdalen
Høgdeforskjell: Inntil 1150 meter
Antatt tidsbruk: 6–8 timer fra Geitsetre, der ½–1½ time er retur
Ver obs på: Tidvis overhengande toppskavl
Utstyr: Normalt toppturutstyr + skarejern. Breutstyr må vurderast, men er normalt ikke naudsynt
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée og snowboard. Fjellski anbefales kun over Søre 
Illåbrean
Vanskelighetsvurdering: 
Opp: Enkel, men hugs at du går på bre.
Ned: Krevende ned Leirløyfte. Enkel over Søre Illåbrean
Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevende 
Brattaste parti: Inntil 40° bratt mellom 1700 og 1800 moh.

Frå Geitsætre, hald til høgre for elva Ytre Illåe, og følg deretter Søre Illåe opp til Søre Illåbrean. Gå vidare breen oppover og følg naturleg "sving" til høgre og sikt deg inn på bandet mellom Vestre og Store Tverrbottinden. Frå her er det litt brattare, og det er greit å sette frå seg skia før følger ryggen vidare til topps. Ver merksam på overhengande toppskavlar. 

Merk deg at Vestre Tverrbottinden består av to toppar - ein fortopp som er enkel å kome seg opp på, og og den høgaste toppen i aust (2.113 moh), som er meir krevjande. Frå vest-toppen går det ein svært luftig å eksponert rygg ut mot aust-toppen, kor det er anbefalt med sikring. 

Frå toppen av Vestre Tverrbottinden er det flott utsikt mot Søre Illåbrean og tindane som omkransar breen frå Bukkehøe (2.314 moh) til Bukkeholstindan og Midtre- og Store Tverrbottindan. I vest ser vi mot Smørstabbtindmassivet med mellom anna Store Smørstabbtinden (2208 moh.) og Storebjørn (2.222 moh).

Alternativ:
Ein langt frekkare og meir adrenalinframkallande bestigning er å gå over Sauhøe, og deretter fylge ryggen hele vegen til topps på Vestre Tverrbottinden. På dette bestigningsalternativet må skiene berast på sekken mesteparten av tida, og undervegs støyter du på bratt, luftig og utsatt terreng. I tillegg må ein liten pinakkel passerast, som kan være vrien med alpinstøvlar og tung sekk. Er dykk fleire saman på tur, kan løysninga vera å sende skiene opp. Uansett må det visast aktsemd. Har dykk fått på plass adrenalinnivået og er sugne på enda meir spenning er det mogleg å klyve heilt ut til Vestre Tverrbottindens ytterste toppunkt. Eit besøk ut til denne inneber klyving/klatring over ein utsatt og svært luftig rygg. Dette er krevande sjølv med vanlege fjellstøvlar på tørt sommarføre, så mange foretrekker å nytte tausikring. Ynskjer du å avstå fra Vestre Tverrbottinden, er det mogleg å traversere ned mot bandet mellom Vestre og Store Tverrbottinden på et noko tidligare tidspunkt. 

Nedkjøringen gjerast i terreng som ofte har svært god ettermiddagssnø. Ein kan anten velgje same veg ned som opp, over Søre Illåberan, eller køyre ned frå bandet og Leirløyfte, der det er mogleg å velje grad av brattleik frå 20 til 35 grader. Mellom ca. 1700 og 1800 meters høgde er terrenget opp mot 40 grader bratt. Ynskjer du ytterligare ”krydder”, ligg det ein lita og trang renne rett syd for Leirløyfte som held omlag 45 graders helling. Denne er ikkje stort meir enn 150 meter lang, men er ein ypparleg introduksjon til bratt rennekøyring. Ikkje gløym å vurdere skredfara sjølv om renna er kort. Fylg så Leirløyftgrove heilt ned til vegen i Leirdalen. Frå her er det eit par kilometer å gå til Leirvassbu, eller attende til Sletthamn/Geitsetre.

VIKTIG INFORMASJON
Parkering: Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå fylkesveg 55. Det er normalt greit å parkere på vegskuldra og naturlege «lommar» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Sjå meir

Topptur på ski: Store Tverrbottinden (2161 m.o.h.), LomTOPPTUR TIL STORE TVERRBOTTINDEN, 2161 m.o.h. Eit eventyrleg skifjell som innbyr til rundtur!

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no