For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Varderekka over Sognefjellet

TypeVandring

2686, Lom

+47 61 21 29 90

Product Image

Om

Over ei strekning på ca. 16 km mellom turisthyttene Krossbu og Turtagrø kan ein rusle frå varde til varde over Sognefjellet slik ein gjorde før bilvegen (RV. 55) vart bygd i 1938.

Sognefjellet har gjennom uminnelige tider vore brukt som ferdselsåre mellom aust- og vestlandet. Folk trossa naturfarar og lagt i veg til fots og med hest for å koma over Sognefjellet.

Vardevegen på Sognefjellet er ei varderekke som strekker seg over fjellet, mellom Krossbu i Lom og Turtagrø i Luster. I alt er det registrert 306 vardar på denne strekninga, satt i eit system for å lose folk trygt over fjellet. Dei fleste av vardene har vorte satt opp på midten av 1800-talet, men mykje tydar på at ruta var merka for bruk lenge før den tid. 

Ved hjelp av godt oppbygde vardar, gjerne med solide staur i midten som ruver langt over varden, kunne dei reisande sjå frå varde til varde – også når skodde og uvær kom sigande innover fjellmassivet. Vardane har hatt mykje å sei for trygg ferdsel over fjellet gjennom fleire hundre år.

Vardevegen slik den framstår i dag er eit viktig kulturminne og vardane må ikkje endrast eller øydeleggast på noko vis.

 

Fasiliteter

Gradering

  • middels

Natur og terreng

  • fjell

Sesong

  • august
  • juli
  • september

Varighet

  • 4 timer

Kart

Sjå meir

Krossbu Tourist Hut, with view over Store SmørstabbtindKrossbu | Turisthytte, LomKrossbu turisthytte er ei privat turisthytte frå 1901 som ligg idyllisk til ved Sognefjellsvegen, den høgste fjellovergangen i Nord-Europa.

Sognefjellshytta | Turisthytte, LomSognefjellshytta ligg 1400 m.o.h. på det høgaste punktet på Sognefjellsvegen, og er eit utmerka utgangspunkt for skiturar, topptur og vandring i Jotunheimen. Her kan du overnatte i rom med ulik standard.

Utkikkspunkt | Sognefjellet, LomVed Sognefjellshytta kan du få eit mektig inntrykk av Jotunheimen nasjonalpark ved å vandre over ei ei spektakulær gangbru opp til eit utkikkspunkt med sikteskive.

Kunstverket "Steinen" på Mefjellet - Sognefjellet, LomPå veg over Sognefjellet finn du denne spesielle steinskulpturen laga av kunstnaren Knut Wold. Steinen er eit populært fotoobjekt i den vakre fjellheimen. 

Utkikkspunkt | Vegaskjelet på Sognefjellet, LomUtkikkspunktet Vegaskjelet ligg langs Sognefjellsvegen, ved avkøyringa til Leirdalen, og gjev storslått utsikt inn mot dalen sine mange 2000-meterstoppar.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no