Sognefjellshytta ligg 1400 m.o.h. på det høgaste punktet på Sognefjellsvegen, Nord-Europas høgaste fjellovergang.
På Sognefjellshytta kan du bu med fantastisk utsikt mot Smørstabbtindane, Fannråken og Hurrungane! Hytta er plassert midt på Sognefjellet, med flotte turmoglegheiter året rundt. Sognefjellshytta er eit godt utgangspunkt for turar til Fannaråken og Smørstabbrean.
Påska på Sognefjellet består ofte av strålande sol og fine skispor. Skiene kan du ta på deg rett utanfor døra der sporene startar. Vår løypemaskin køyrer spor etter behov, slik at det alltid er nykøyrde løyper!
Overnatting i komfortable rom med dusj og toalett med oppredde senger eller rom med enklare standard. I rom med enkel standard er det oppredde senger. Her er det vask på rommet. Dusj finn dykk i kjellaren og toalett i korridor i same etasje som romma.