For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Fisking kring Glitterheim

TypeFiske

2687, Bøverdalen

Sjekk tilgjengelighet forFisking kring Glitterheim (Åpnes i et nytt vindu)

92 89 32 26

  • Fisking i Jotunheimen
  • Product Image
  • Product Image

Om

Området kring turisthytta Glitterheim i Veodalen har gode moglegheiter til å variere fisket mellom fjellvatn og elv. Veodalen strekker seg fra Veobreen og ned til Sjodalen og er om lag 30 kilometer lang.

Steinbuvatna er dei største fiskevatna i Veodalen og ligg cirka 15 minutters gange frå Glitterheim. Der er det fint å fiske med både stang, boks og oter. Frå Glitterheim og ned til Storkroken har elva Veo lange strekningar med relativt roleg vassføring, og den er kjent for å vere ei god fiskeelv. I dette området er det gode moglegheiter for å variere fisket mellom fjellvatn og elv.

Både Veodalen og parallelldalen Smådalen har fleire svært bra vatn:
- Sylvetjernet
- Eilevsvatnet
- Børjetjønn
- Steinbuvatnet

- er blant dei plassane med høgast vekstrate. Skjoldkreps og marflo gjev fisken evne til å vokse seg stor fort, og er du på utkikk etter fisk på 3kg og meir, er dette rette plassen. Rindtjønnene og grøntjønna i Veodalen er òg verdt eit besøk.

Tips! 
Studér kartet før du drar avgåde. Enkelte elver kan eksempelvis ha stor vassføring og vere krevjande å krysse. Ha òg i minne at vassføringa auker ved mykje nedbør. Sjekk i forkant på kartet kva side av elva det er best å gå, og eventuelt kor det er gunstig å krysse elva hvis det er nødvendig.

Fleire fisketips og turbeskrivingar finn du i boka "Fiskevatn utenfor allfarveg" av Morten Wangen.

Fasiliteter

Aktiviteter

  • elvefiske
  • ferskvannsfiske
  • fiske i vann
  • fiskekort
  • fiskemuligheter
  • fluefiske

Dyr/fiske slag

  • ørret

Generelle fasiliteter

  • fiskekort

Natur og terreng

  • sportsfiske

Symboler

  • Fisketur

Kart

Veibeskrivelse

Slik kjem du deg til Glitterheim-området:

Om du kjem frå Otta/Vågå, ta av riksveg 15 cirka 6 kilometer nord for Vågå ved Randen og følg Fv.51 opp til krysset i Synstlia. Ta av i retning mot Brimiland og Brimi Fjellstugu. Køyr forbi Brimi Fjellstugu og fortsett Smørlivegen (bomveg) langs innsjøen Tesse. Når du har kryssa elva Smådøla, tar du av Veodalsvegen opp til høgre.

Om du kjem frå Heidal, eller har køyrt Fv. 51 over Valdresflye, svingar du av til Fugelsætervegen om lag 500 meter vest for Randsverk.

Frå Randsverk og inn til bommen ved grensa til nasjonalparken er det 23 kilometer. Frå bommen går det ein 7-8 kilometer lang grusveg inn til Glitterheim. Turisthytta leiger ut syklar, slik at du kan sykle dei siste sju kilometerane inn til Glitterheim.

Sjå meir

Smørstabbtindane seen with clear water in front at Sognefjellet. Fisking på Sognefjellet, LomSognefjellet er eit eldorado for fiskarar - kombinert med rå utsikt over fjell og brear. Fiskevatna ligg på rekke og rad.

Fisking kring Leirvassbu, LomTa med fiskestonga og test fiskelykka i fjellvatna kring Leirvassbu!

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no