Besseggen er ein av dei mest populære og spektakulære fotturane i Jotunheimen - kjend for utsikta over det mørkeblå Bessvatnet og smaragdgrøne Gjende.
Turen er 17 kilometer lang og tek totalt 7 til 9 timar. Denne storslåtte ruta tek deg inn i kremen av Fjell-Noreg - i den reinaste og sprøaste lufta på det europeiske kontinentet.
Den kjende Gjendin-eggen får besøk av rundt 60.000 kvart år. Dei fleste startar med å ta Gjendebåten frå Gjendesheim til Memurubu og går attende, altså oppover sjølve eggen.
Det er òg mogleg å følgje den godt merka stien langs Gjendevatnet, frå Gjendesheim mot Memurubu og ta båten attende, eller overnatte på Memurubu og gå attende via Besseggen dagen etterpå.
På veg over Besseggen har du panoramautsikt over fjellvatna Bessvatnet og Gjende. Den sterke grønfarga på Gjendevatnet oppstår når små breispartiklar i vatnet blir reflektert av sola.
Etter å ha klatra opp sjølve eggen, kjem du til Veslefjell, som er det høgaste punktet på turen, 1743 meter over havet. Punktet er markert med ei stor steinvarde. Denne fjellturen tek deg på ei 5-7 timar lang eventyrvandring i rein og klar luft og med "ta-pusten-frå-deg-utsikt".
Vintertur over Besseggen:
Har du sett den Gjendin-eggen nokon gong - kledd i kvitt? Kvart sommarhalvår går nærmare 60.000 den klassiske fjellturen over Besseggen i Jotunheimen. Om vinteren kan du ha eggen for deg sjøl. Turen tek 6-8 timar, og startar ved turisthyttene Bessheim eller Gjendesheim, ved Valdresflya. Ein går da på ski opp til Bessvatnet, som er islagt om vinteren, kryssar dette og stig opp til "bandet" før sjølve eggen tek til. Her tek ein skia på ryggen. Stegjern og evt. isøks kan vere lurt. Hugs å ha sekk med gode fester til ski. Vidare går turen opp til Veslfjellet før nedkjøyring mot Bessvatnet og ned att til startpunktet. Om du ynskjer å planlegge vintertur over Besseggen, kan du kontakte Gjendeguiden.
Meir informasjon om Besseggen: Besseggen.net