Ein del av adkomsvegane til fine skiområder i Lom og Jotunheimen ligg i dvale om vinteren. Om våren blir dei brøytt, og eit eldorado for toppturar og store skiopplevingar blir igjen tilgjengeleg.
Drøymer du om å besøke nasjonalparklandsbyen Lom, og spenne på deg skia blant dei høgaste fjella i Nord-Europa, er Jotunheimen eit utmerka val. Sesongen startar for alvor rundt påske!
Sognefjellsvegen | Nord-Europas høgaste fjellovergang
Opnar: ca. 1. mai
Sjekk vegmeldinga her!
Nasjonal turistveg Sognefjellet (Fv. 55) går mellom Lom nasjonalparklandsby og Gaupne og er 108 km lang. Vegen over fjellet mellom Liasanden og Turtagrø er Nord-Europas høgaste fjellovergang med eit toppunkt 1434 meter over havet.
Vinterstengd: På vinterstid er veret så hardt og snømengdene så store at det er uråd å halde vegen open. Normalt er vegen derfor stengd frå november og ut april. Raude flagg i kartet (over) viser kvar strekningen blir stengd.
Sjekk oppdatert vegmelding her: Fjellovergangar i Sør- Noreg
Tek du turen rett etter opninga om våren, vil dei opptil 10 meter høge brøytekantane være eit synleg bevis på styrkeforholdet i fjellet om vinteren. Vegen blir normalt brøytt fram til Sognefjellshytta til 1.mai.
.JPG)
Galdhøpiggvegen | Nord-Europas høgastliggande bilveg
Opnar: ca. mai
Den 15 kilometer lange Galdhøpiggvegen er Nord-Europas høgastliggande bilveg, og på mange måter "vegen til Galdhøpiggen". På finværsdagar er utsikta spektakulær langs hele vegen, som startar 550 moh. ved Galdesand og stig opp til 1841 moh. ved Juvasshytta, via Raubergstulvegen. Etter ca. 5 km ved Raubergstulen er det bomveg med kortbetaling. Sjå i kart.
Høgdepunktet for dei fleste er panoramautsikta mellom anna til Galdhøpiggmassivet og Glittertind ved vegens endepunkt.Vegen er er vinterstengd, men opnar normalt i mai. Vegen er ope til slutten av oktober, med omsyn til vêret.
Den øvre delen av vegen, Raubergstulen – Juvasshytta vart påbegynt i 1934 av Knut K. Vole, vert på Juvasshytta (1914-1956), og gjorde det mogleg å etablere Galdhøpiggen sommerskisenter som ligger 800 meter frå Juvasshytta.
Meir informasjon her: Galdhøpiggvegen

Leirdalsvegen i Leirdalen
Opnar: Mars
Leirdalsvegen er vegen som fører inn til turisthytta Leirvassbu. Vegen er ein 15 kilometer lang privat bomveg, og blir ikkje brøytt midtvinters.
I midten av mars blir det brøytt veg ca. 9 km innover Leirdalen frå "Vegasjelet" (avkøyringa frå Fv. 55 Sognefjellsvegen) til parkeringsplass på Sletthamn. Dette lettar adkomsten til mange av kremtoppane i dette området. Frå Sletthamn er det ca. 6 kilometer inn til Leirvassbu og kvista løype. Sjå i kart
Transport med beltvevogn eller scooter for buande gjestar Leirvassbu på førehandsbestilling.
Opningstidene for vegen heilt inn til Leirvassbu følger opningstidene for sommarsesongen, ca 20. juni – midten av september.
.jpg)
Visdalen - til Spiterstulen
Opnar: 1.mars
Visdalsvegen er ein privat fjellveg som går frå Fv. 55 Sognefjellsvegen og inn til turisthytta Spiterstulen. Sjå i kart.
Vegen er ope når Spiterstulen er ope. Om vinteren er dette frå ca. 1.mars -1.mai.
Elles er vegen stengd med bom 5 km frå Spiterstulen. Det kan tidvis vere vanskeleg å køyra heilt frå Visbrua, 17 km frå Spiterstulen. Når hytta er stengd, kan det ikkje garanterast at vegen er køyrbar. Alternativet er da å gå på ski frå bommen og inn til hytta.
Valdresflye | Nasjonal turistveg
Opnar: 1.april
Nasjonal turistveg Valdresflye går mellom Garli og Hindsæter med avstikkar til Gjende og Gjendesheim turisthytte. Strekninga er 49 kilometer lang (Fv. 51).
Vinterstengd veg: Deler av Nasjonal turistveg Valdresflye er vinterstengt mellom Garli og Maurvangen. Raude flagg i kartet (under) viser kva strekning som blir stengd.
Sjekk oppdatert vegmelding her: Fjellovergangar i Sør- Noreg
Strekninga er ope mellom Hindsæter og Gjendesheim. Vegen er normalt stengd i desember og opnas igjen i mars/april. Tilkomst til Gjendesheim er frå Randen (Fv.51) eller Sjoa (veg 257).
Det er ikkje brøytt veg til Glitterheim turisthytte om vinteren. Vertskapet transporterer sine gjester med beltebil/snøscooter frå parkeringsplass i Veoli i Sjodalen, ca 10. min køyring frå Randsverk. Dei køyrer to ganger per veke, med ekstraturar i påska. Førehandsbestilling. Frå Veoli er det 25 km merka løype til hytta.
Køyrande må være oppmerksame på tamrein på strekninga.
.JPG)