For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Røisheim hotell

TypeHistoriske hoteller

Sognefjellvegen, 2687, Bøverdalen

+ 47 61 21 20 31

Røisheim hotell

Om

Røisheim hotell – ein gamal skysstasjon med tradisjoner. For kresne og eventyrlystne fjellturistar.

Røisheim hotell ligg i Bøverdalen på nordsida av Jotunheimen nasjonalpark. Hotellet er ein gamal verna skysstasjon (frå 1858) med ei heilt unik atmosfære og eit berømt kjøkken. Staden består av verna hus i tun frå 1700-tallet og har lange tradisjonar i å ta vare på kresne og eventyrlystne fjellturistar – enten dei ynskjer seg til toppane i Jotunheimen eller søker den gamle og verna skysstasjonens stemning og velsmakande mat. Røisheim er eit ypperleg utgangpunkt for vandringar i Jotunheimen og er eit naturleg utgangspunkt for bestigning av Nord-Europas høgast fjell Galdhøpiggen. Her finn du 24 restaurerte rom med særpreg. Suitane har badestamp og himmelseng og nokre har peis. Måltid i gourmet-klassa høyrer med til opplevinga. 

Konferanse eller leiarmøte:
Mange vel å legge samlingar eller andre temamøter utanfor kontoret, for å kunne tenke friare og ikke vere bunden opp i daglige rutinar. Få steder får tankane så fritt spillerom som på Røisheim. Rama rundt møta er unik og prega av  dei lange historiske linjene. Vi legg sjølvsagt óg til rette for gode møte ved WI-FI og ved å leggje til rette for presentasjonar i møteromma.

Ladestasjon for EL-bil:
På Røisheim finn du ladestasjon for EL-bil, både for Tesla og andre EL-bilar. Her finn du 3 ladestasjonar.

Røisheim er ope frå mai til oktober. Unn deg ei ekte og eksklusiv oppleving i Jotunheimen. Velkommen!

Røisheim Hotel
N-2687 Bøverdalen
Tel: +47 61 21 20 31
Faks: +47 61 21 21 51
E-post: booking@roisheim.no
Internett: www.roisheim.no

Fasiliteter

Annen overnatting

  • Middag - familie
  • Middag - grupper
  • rom inkl. frokost

Kart

Veibeskrivelse

Røisheim ligg ved Sognefjellsvegen omlag 15 km vest for Lom og er et naturlig stoppested på vegen mellom Lom i aust og Luster i vest. Sognefjellsvegen er Noregs høgste fjellovergang og vegen er vinterstengt til omlag 1. mai. Vegen frå Lom til Røisheim er alltid oppe.

Utmerkelser

  • SM Miljøfyrtårn

Åpningstider

Sesongen 2019 (26 apr 2019 - 30 sept 2019)