Turtips: Spiterstulen til Juvasshytta via Heimresætre

TypeVandring

2686, Lom

+ 47 61 21 20 31

Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Visste du at du kan gå på godt merka sti frå Visdalen til Juvasshytta? Turen frå Heimresætre til Juvasshytta går i frodig terreng på godt merka sti. 

Turen til Juvasshytta, turisthytta ved foten av Galdhøpiggen, startar frå Heimresætre, som ligg langs vegen som går inn til Spiterstulen turisthytte i Visdalen.

Terreng: Jamn stigning oppover på skogssti
Høgdemeter: Ca. 933 høgdemeter (frå Heimresætre i Visdalen 900 moh. til Juvasshytta 1840 meter over havet.)
Stigning: Gjennomsnitt: 20,5 % stigning


Turen startar ved brua ved Heimresætre, 900 meter over havet. Her går du på godt merka sti oppover skogen i kupert terreng. Du vil snart få flott utsikt over den eventyrlege Visdalen. Juvasshytta ligg 1840 meter over havet. 

Start på Spiterstulen? 
Om du har base på Spiterstulen, følger du fyrst Visdalsvegen nedover (mot Lom) i ca. 5 kilometer til du kjem til Heimresætre. Her tek du av mot vesntre, kryssar ei bru og fortsett vidare oppover i terreng, som beskreve over. Totalt er turen frå Spiterstulen 9,2 km med ei høgdeauke på 1107 m.

 

Kart

Sjå meir

Juvasshytta | Turisthytte, LomJuvasshytta er Noregs høgstliggjande fjellstue og nærmaste utgangspunkt for turar til Galdhøpiggen.

Galdhøpiggen 2469 moh. - Norges høgaste fjell, Lom"Noreg sitt tak" ligg 2469 meter over havet i Lom kommune. Fjellet heiter Galdhøpiggen, og er og den høgaste toppen i Nord-Europa!

Røisheim hotel in Bøverdalen, Lom - Jotunheimen. Photo: Mari Arnøygard WedumRøisheim | Hotell, LomRøisheim hotell ligg i Bøverdalen på nordsida av Jotunheimen nasjonalpark. Hotellet er ein gammal verna skysstasjon med ei helt unik atmosfære og eit berømt kjøkken.

Signs for hikes near Spiterstulen. Spiterstulen | Turisthytte, LomSpiterstulen turisthytte ligg 1111 m.o.h. ved foten av Galdhøpiggen, og Jotunheimen sine flottaste brear. Spiterstulen er eit perfekt utgangspunkt for fjellturar både om sommaren og vinteren.

Galdhøpiggen_Ove NestvoldGaldhøpiggen | Guida tur frå Juvasshytta, LomJuvasshytta ligg 1850 m.o.h., og er eit naturleg utgangspunkt for turar til Noregs høgaste fjell – i guida taulag. I sommarsesongen er det daglege guida turar til topps.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no