For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Turtips: Fottur til Knippen

TypeVandring

2687, Bøverdalen

+ 47 61 21 20 31

  • Historisk vandrerute til Galdhøpiggen
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Ute etter ein kort fottur med god utsikt? Turen til Knippen går oppover langs ein tydeleg skogssti og gjev flott utsikt frå toppen!

Turen til Knippen er starten på den gamle ferdselsvegen til Noregs tak, Galdhøpiggen. Galdhøpiggen vart bestige for fyrste gong i 1850. Den gong gjekk det ikkje veg til Juvasshytta, og turane som tok 16 (!) timar, starta ved gamle Røisheim skysstasjon i Bøverdalen. Bli med på delar av den historiske vandreruta!

Terreng: Jamn stigning oppover på skogssti
Høgdemeter: ca. 500 høgdemeter (frå Røisheim 500 moh. til Knippen 990 moh.


Turen startar midt mellom dei 14 freda bygningane i tunet på Røisheim, som ligg langs Sognefjellsvegen. Her går du på godt merka sti oppover skogen i kupert terreng. Du vil snart få flott utsikt over den eventyrlege Bøverdalen. Toppunktet har ei stor varde og postkasse med bok, og mektig utsikt utover dalane Bøverdalen, Leirdalen og Visdalen. Retur same veg. 

Lengre tur?
Dette er ein tur du kan gjere så kort eller lang du sjøl ynskjer. Om du fortsett oppover, kjem du etter kvart til Raubergstulen turisthytte, 1000 meter over havet. Denne turen er ein del av stigen Røisheim - Raubergstulen, som var utgangspunktet for dei fyrste guida turane til Galdhøpiggen som Knud Vole (Stor-Knud) gjorde kjent på slutten av 1800-talet.

Vidare ligg Juvasshytta 1840 meter over havet. 

Enklare variant: 
Det er også mogleg å gå turen frå Tjønnbakken, rett før du kjem opp til Raubergstulen. På barmark er denne ruta godt merka, og den går nordover Grånebban mot Rauberget og sjølve Knippen. Denne turen er totalt 4 km. tur retur.

 

Kart

Veibeskrivelse

Sjå meir

Galdhøpiggen 2469 moh. - Norges høgaste fjell, Lom"Noreg sitt tak" ligg 2469 meter over havet i Lom kommune. Fjellet heiter Galdhøpiggen, og er og den høgaste toppen i Nord-Europa!

Climbing in Galdhøpiggen High Rope Course - Aktiv i LomAktiv i Lom | Galdhøpiggen klatrepark, LomGaldhøpiggen klatrepark ligg ved foten av Galdhøpiggen, og består av traversar, 76 plattformar og utfordringar for både liten og stor.

Røisheim hotel in Bøverdalen, Lom - Jotunheimen. Photo: Mari Arnøygard WedumRøisheim | Hotell, LomRøisheim hotell ligg i Bøverdalen på nordsida av Jotunheimen nasjonalpark. Hotellet er ein gammal verna skysstasjon med ei helt unik atmosfære og eit berømt kjøkken.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no