For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Tindevegen | Turistveg mellom Sognefjorden og Jotunheimen

TypeNasjonalparker

Tindevegen, 2686, Lom
Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Tindevegen er den vakre fjellvegen mellom Øvre Årdal og Turtagrø (32 km) som tek deg frå Sognefjorden til Jotunheimen. Vegen er normalt open frå mai til november og er "snarvegen gjennom Jotunheimen", og kortaste alternativ frå Bergen til Trondheim.

Dette er ein turistveg som knyter Årdal saman med Luster og Sognefjellsvegen (nasjonal turistveg). Fjellvegen går gjennom mektig natur blandt vakre toppar i Jotunheimen, med mange flotte utsiktspunkt. Ein kort spasertur frå traseen, ligg eit fantastisk panorama med Hurrungane og Store Skagastølstind i aust og Sognefjorden og Skjolden i vest.

Ved Turtagrø kjem du frå Tindevegen inn på den nasjonale turistvegen Sognfjellsvegen (Fv. 55), som går ned til Skjolden (17 km.) og Gaupne ved Sognefjorden - og austover; over Sognefjellet til Lom. 

Tindevegen utgjer altså ein del av den kortaste landforbindelsen mellom Bergen og Trondheim og er ein populær turistveg med kort avstand frå Sognefjorden til Jotunheimens tindar.

Bomveg: Tindevegen er ein bomveg for MC, bilar, bilar med campingvogn og bubilar (anbefalt maks 10 meter). Det er automatisk bomstasjon på Berdalsbandet, som er vegens høyeste punkt, 1315 moh. Link til plassering i kart

Betaling ved bomstasjonen med kort på bomautomat.
- Alle køyretøy: 90,-
- Sesongkort: 1200,- (Kan kjøpast på Best bensinstasjon i Øvre Årdal og Fortun Bensinstasjon)  

Vintervarsel: Tindevegen er normalt vinterstengt frå november/desember fram til ca. 1. mai. Følg oppdatering på Facebook her! 
Vegen ventast opna årleg kring 1. mai. Vinterstenging er vêravhengig, men plar vera kring 1. november.

Sjå webkamera frå Tindevegen her! 

 

Fasiliteter

Aktiviteter

  • turstier

Annen overnatting

  • overnatting

Natur og terreng

  • fjell
  • fjellterreng
  • fotturområde
  • utsikt
  • utsiktspunkt
  • vann

Sesong

  • sesongåpent
  • Sommer

Sportsaktiviteter

  • vandreruter

Kart

Veibeskrivelse

 

Veibeskrivelse til kollektivtransport

Veg og trafikkinformasjon - telefon 175. Kart med oppdaterte trafikkmeldinger >>

Opningstider

* Vegen over fjellet mellom Liasanden og Turtagrø er normalt stengt i november og opnas i mai.

Sjå meir

Sognefjellshytta | Turisthytte, LomSognefjellshytta ligg 1400 m.o.h. på det høgaste punktet på Sognefjellsvegen, og er eit utmerka utgangspunkt for skiturar, topptur og vandring i Jotunheimen. Her kan du overnatte i rom med ulik standard.

Varderekka over Sognefjellet, LomOver ei strekning på ca. 16 km mellom Krossbu og Turtagrø kan ein rusle frå varde til varde, slik ein gjorde før bilvegen vart bygd i 1938.

Jotunheimen | Nasjonalpark, LomNorges høgaste fjell, Galdhøpiggen ligg i Jotunheimen nasjonalpark, som vart oppretta i 1980. Området er kjent for sine høge fjell og majestetisk fjellnatur.

Utkikkspunkt | Sognefjellet, LomVed Sognefjellshytta kan du få eit mektig inntrykk av Jotunheimen nasjonalpark ved å vandre over ei ei spektakulær gangbru opp til eit utkikkspunkt med sikteskive.

Topptur på ski: Steindalsnosi (2025 m.o.h.), LomTOPPTUR TIL STEINDALSNOSI 2025 m.o.h - nabotoppen til Fannaråken- lett tilgjengeleg skitopp på Sognefjellet.

Kunstverket "Steinen" på Mefjellet - Sognefjellet, LomPå veg over Sognefjellet finn du denne spesielle steinskulpturen laga av kunstnaren Knut Wold. Steinen er eit populært fotoobjekt i den vakre fjellheimen. 

Utkikkspunkt | Vegaskjelet på Sognefjellet, LomUtkikkspunktet Vegaskjelet ligg langs Sognefjellsvegen, ved avkøyringa til Leirdalen, og gjev storslått utsikt inn mot dalen sine mange 2000-meterstoppar.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no