Fremst under Lomseggen ligger historiske Andvord gard, den gamle tingstaden i Lom.
Andvord gard er ein av dei eldste gardane i Lom. I dag er dette eit unikt fjellhotell i eventyrlege omgjevnader med gangavstand til Lom sentrum, og Jotunheimen rett utanfor døra. Bygningsmassen frå 1700-talet er restaurert for å gje gjestane moderne komfort og kvalitet, men historien sitt fortsatt att i veggane. Andvord gard fekk prisen Olavsrosa i juni 2012, etter at brødrene Michel og Richard Andvord hadde fullført restaurering av garden.
Bygningsmassa framstår i opprinneleg stil frå 1700- og 1800-talet med utsmykning frå dåtidas lokale kunstnarar (Skjåk-Ola, Rasmus Garmo, tekstilkunst, måleri og gamalt sylv frå garden).
Eit opphald på Andvord gard kan kombinerast med museumsbesøk, matopplevingar, fjellturar, rafing og andre naturopplevingar. Lom er eit midtpunkt i Sør-Noreg med storslått natur, kultur og det perfekte utgangspunkt for fjellturar i alle retningar.
Andvord gard ligg i Lom, nord i Gudbrandsdalen, med like avstandar til Bergen, Trondheim og Oslo. Du finn hotellet på Solsida i Lom sentrum.
* Stengt for sesongen. Open for booking for grupper frå 1. februar 2021.