For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Turtips: Skimhytta - fottur frå sentrum

TypeFjelltur

2686, Lom

+47 612 12 990

  • Skimhytta | Fottur frå Lom sentrum
  • The Skim cabin - a barbeque cabin near the centre.
  • Path in easy terrain.
  • View over Skim, Lom and Lomseggen.

Om

Skimhytta er eit lett tilgjengeleg turmål frå Lom sentrum. Denne fotturen går i lett terreng og er fin også for familiar med små born. 

Startpunkt: Lom sentrum eller P-plass ved Tronoddbrua
Km (éin veg): Frå sentrum: 2,8 km / Frå Tronoddbrua: 1,2 km
Tid (éin veg): Frå sentrum: ca. 30-45 min / Frå Tronoddbrua: ca. 20-30 min

Turen bort til Skimhytta er ein velkjend, og mykje gått, nærtur for lokalbefolkninga i Lom. Dette er ein lett tilgjengelig tur som går langs vatnet Skim, på motsett side for Lom sentrum. Stigen er godt merka og godt opparbeida, så dette er ein fin tur for folk i alle aldre - også for familiar med små born.  

Frå sentrum: Start turen frå Norsk Fjellsenter, og fylg skilting mot Tronoberget. Etter å ha gått over Utleggsbrua, fylgjer du grusvegen som går langs elva til du møter på bilvegen. Fylg så denne over Tronoddbrua, der du vil finne startpunktet for turen. 
Alternativt: Ein kan køyre bil, eller sykle, til parkeringsplassen ved Tronoddbrua og starte turen frå her.

Etter 1,2 km frå startpunktet ved Tronoddbrua kjem ein fram til Skimhytta. Dette er ei grillhytte som er ope for alle, men ein må sjølv ta med ved til å fyre opp og sjølvsagt ta med seg søppel heim att. 
Nede ved vatnet er det fint å bade og slappe av, og du har flott utsikt mot Læshøe, Lomseggen og Skjåk. 

Frå Skimhytta kan ein også fylgje stigen vidare mot Staurustberget (i retning Skjåk), om ein ynskjer ein lengre tur. 

 

God tur! 

​​​​​​
​​​​​

Kart

Veibeskrivelse

Adkomst: 

Start i Lom sentrum, ved Vassvaglen eller Norsk fjellsenter, og fylg skilting mot Tronoberget og Skimhytta. 

Sjå meir

Fossheim | Hotell, LomHistorisk overnatting i hjarta av Lom sentrum, eit perfekt utgangspunkt for turar i tre nasjonalparkar med gourmetmåltid servert i den trivlelege spisesal etter turen.

Turtips: Bordvassvegen i Lom - kulturvandring, LomBordvassvegen er ei kulturvandring der du følgjer ein gamal vassveg og får kjennskap til historia rundt vatningskulturen i Lom.

Turtips: Lomseggen – topptur frå Lom sentrum, LomOpplev majestisk utsyn over tre nasjonalparkar frå Lomseggen.

Turtips: Tronoberget – utkikkstopp frå Lom sentrum, LomTuren til Tronoberget er godt merka frå Lom sentrum, og gjev god utsikt over sentrum og over til Lomseggen.

Vassvaglen | Vatningstårn i Lom sentrum, LomVassvaglen i Lom nasjonalparklandsby var reist av Lom kommune i 1985, og viser korleis livgjevande vatn, ved hjelp av eit tro-system, kunne førast dit det var bruk for det.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no