For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Turtips: Høyrokampen via Tjønnryggen

TypeFjelltur

2687, Bøverdalen

+47 612 12 990

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Høyrokampen (1440 moh) er ei perle av ein tur som går over Tjønnryggen - med rå utsikt til Bøvertunvatnet, Høydalsvatnet og dei kringliggande høgfjella i Jotunheimen og Breheimen.

Startpunkt: Med utgangspunkt frå Jotunheimen fjellstue (langs fv.55) kan du gå eller køyre ned til Burmavegen (avkøyring til høgre frå fv.55) og starte turen ved fyrste bru, ca. 920 moh.  Det er òg mogleg å gå frå nordaust-enden av Bøvertunvatnet på merka sti (fyrst mot Nørstedalsseter, deretter til høgre)
Lengde: Totalt 12 km (tur/retur)
Stigning: Ca. 730 høgdemeter
Tidsbruk: 3-5 timar

Om du er i Lom og Jotunheimen og ynskjer deg eit alternativ til dei høgaste toppane, er Høyrokampen verdt eit besøk. Og er du interessert i fin utsikt og botanikk i tillegg, har du her eit tur-kinderegg av dei sjeldne! Denne turen tek deg over ein frodig fjellrygg mellom dei to det smaragdgrøne fjellvatna Bøvertunvatnet (938 moh.) og Høydalsvatnet (905 moh.) - og naturen er ekstremt vakker! 

Du kan starte frå begge ender av Bøvertunvatnet, men om du ynskjer å gå heile Tjønnryggen, er det fint å starte frå Burmavegen, ved den fyrste vesle brua du krysser. Følg stien langs vatnet ved brua (til venstre) til du kjem fra til eit skilt som viser veg inn i skogen. Ta rett opp til høgre. Denne leier deg gjennom frodig skog opp til snaufjellet. Etter ca. 2 km. og 300 høgdemeter kjem du opp på Tjønnryggen, som du skal følge vidare bortover. Stien er merka med varder.

I enden av ryggen troner altså toppen; Høyrokampen. Frå toppen har du rå utsikt mot Hestbreapiggane i Breheimen og går med fjellet Loftet på di høgre side på veg ned att. 

Frodig naturreservat: På denne turen vandrar du i Høyrokampen naturreservat; eit frodig område kjent for sitt rike planteliv. Her finn ein sjeldne og trua karplantar, lav, mosar og sopp. Reservatet ligg i Lom kommune og grensar inntil Breheimen nasjonalpark og Høydalen landskapsvernområde. Det har stor variasjon i naturtypar, mellom anna sørvendt berg og rasmark, naturbeitemark, kalkrike område i fjellet og kalkskog.

Rundtur? Dersom du ynskjer ein alternativ veg ned, kan du følge sti ned mot andre enden av Bøvertunvatnet. Frå her er det òg mogleg å starte turen. Om går ned her blir turen totalt ca. 8 kilometer lang.  ​​​​
​​​​​

Kart

Veibeskrivelse

Veibeskrivelse til kollektivtransport

Følg Sognefjellsvegen (Fv.55) frå Lom mot Jotunheimen fjellstue. Etter å ha passert fjellstua, ta av til høyre mot Burmavegen, eller alternativt køyr vidare til Bøvertun for å starte turen her. 

Sjå meir

Jotunheimen fjellstue | Turisthytte, LomFjellhotell med utsikt mot majestetisk fjellandskap. Fokus på gode matopplevingar.

Krossbu Tourist Hut, with view over Store SmørstabbtindKrossbu | Turisthytte, LomKrossbu turisthytte er ei privat turisthytte frå 1901 som ligg idyllisk til ved Sognefjellsvegen, den høgste fjellovergangen i Nord-Europa.

Geostig på Storbrean i Leirdalen, LomGeologi-stig opp til brefronten på Storbreen i Leirdalen. Informasjonstavle ved brua over Leira. Turen går i lett lende med 16 postar og tek omlag  to timar opp.

Utkikkspunkt | Vegaskjelet på Sognefjellet, LomUtkikkspunktet Vegaskjelet ligg langs Sognefjellsvegen, ved avkøyringa til Leirdalen, og gjev storslått utsikt inn mot dalen sine mange 2000-meterstoppar.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no