For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Olavsråket er ein tur i historiske omgjevnader, som kan gåast som ein rundtur frå Lom sentrum.
Startpunkt: Tronoddbrua
Tid t/r: 4-6 timar
Lengde: 14,2 km
Dette er ein sentrumsnær fjelltur, med mykje historie, flott natur og fantastisk utsikt mot bygdene i dalen. Fyrst til Tronoberget og vidare til Olavsråket, ein tur i Olav den Heilage sine fotspor inn i Finndalen landskapsvernområde mot Reinheimen nasjonalpark. Ein nydeleg og variert tur på godt merka sti.
Turen startar ved Tronodbrua og går fyrst opp til Tronoberget (886 moh.) . Frå her er det merka stig vidare mot Olavsråket og turen går i kuppert terreng fram til Stavåsen, ei sæter i Lom. Du har god utsikt over Lom og Skjåk på denne turen, og går forbi små tjern, myrar og fjellvatn. På Stavåsen møter ein på den gamle ferdselsvegen - det originale Olavsråket - som kjem over fjellet frå Lesja. I år 1021 skal Olav den heilage ha kome over denne ferdselsvegen for å spreie kristendomen til bygdene i Ottadalen. Frå Stavåsen går det bratt nedover på god skogssti. Vidare fylgjer du stigen langs vatnet attende til Lom sentrum.
Det er ikkje ein krevjande tur, men ein forholdsvis lang tur (totalt ca. 14km. på heile runda). Det er lurt å ha med seg mat og drikke og ha litt god tid på seg. Dei bratte partia er i starten (opp mot Trondoberget) og deretter nedover frå Stavåses (til elva).
Historia om Olavsråket:
Dette er ein tur med historisk sus! På Stavåsen møter ein nemleg på den gamle ferdselsvegen - det originale Olavsråket - som kjem over fjellet frå Lesja. I 2021 markerar vi at det er tusen år sidan Olav den heilage skal ha kome over denne ferdselsvegen for å spreie kristendomen til bygdene i Ottadalen.
I videoen over har vi vore med Reidar Marstein på tur på ein del av det originale råket, og her går ein i spora til folk som kan ha gått her for over to tusen år sidan.
Dette er ein sentrumsnær fjelltur, med mykje historie, flott natur og fantastisk utsikt mot bygdene i dalen.
God tur!
Adkomst:
Start i Lom sentrum, ved Vassvaglen eller Norsk fjellsenter, og fylg skilting mot Tronoberget og deretter Olavsråket.