For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Røisheim | Hotell

TypeHistoriske hoteller

Sognefjellvegen, 2687, Bøverdalen

Sjekk tilgjengelighet forRøisheim | Hotell (Åpnes i et nytt vindu)

+ 47 61 21 20 31

Blomar på tunet -Røisheim hotell
  • Blomar på tunet -Røisheim hotell
  • Røisheim hotell i sommerdrakt
  • Sommarbilete av tunet på Røisheim hotell
  • Sommarbilete frå Røisheim hotell
  • Kaffe i tunet på Røisheim hotell
  • Middagsservise på Røisheim hotell
  • Spisesalen på Røisheim hotell
  • Fyr i peisen på Røisheim hotell
  • Rom med himmelseng og peis på Røisheim hotell
  • Afterski i tunet på Røisheim hotell
  • På topptur ved Sognefjellet
  • Vinterbilete frå Røisheim hotell
  • Vinterbilete Røisheim hotell
  • Dekte bord på Røisheim hotell

Om

Røisheim hotell – ein gamal skysstasjon med tradisjoner. For kresne og eventyrlystne fjellturistar.

Røisheim hotell ligg i Bøverdalen på nordsida av Jotunheimen nasjonalpark. Hotellet er ein gamal verna skysstasjon (frå 1858) med ei heilt unik atmosfære og eit berømt kjøkken. Staden består av verna hus i tun frå 1700-tallet og har lange tradisjonar i å ta vare på kresne og eventyrlystne fjellturistar – enten dei ynskjer seg til toppane i Jotunheimen eller søker den gamle og verna skysstasjonens stemning og velsmakande mat.

Røisheim er eit ypperleg utgangpunkt for vandringar i Jotunheimen og er eit naturleg utgangspunkt for bestigning av Nord-Europas høgast fjell Galdhøpiggen. Her finn du 24 restaurerte rom med særpreg. Suitane har badestamp og himmelseng og nokre har peis. Måltid i gourmet-klassa høyrer med til opplevinga. 

Kunstutstilling i stabburet: 
Røisheim Hotell er opptekne av å by gjestane sine eit breitt kulturtilbod.

Sommarutstillingane i det gamle stabburet, som vart gjort om til galleri i 2016, er ein del av dette tilbodet. Her stiller ulike kuntnarar ut verka sine kvar sommar. Hotellet har òg samla kunst frå kunstnarar som gjennom historia har latt seg inspirere av den flotte naturen og den heilt spesielle stemninga på Røisheim. I spisesalen er det mellom anna utstilt nokre av Gerhard Munthes bilde som vart måla på Røisheim. 

Konferanse eller leiarmøte:
Mange vel å legge samlingar eller andre temamøter utanfor kontoret, for å kunne tenke friare og ikke vere bunden opp i daglige rutinar. Få steder får tankane så fritt spillerom som på Røisheim. Rama rundt møta er unik og prega av  dei lange historiske linjene. Vi legg sjølvsagt óg til rette for gode møte ved WI-FI og ved å leggje til rette for presentasjonar i møteromma.

Ladestasjon for EL-bil:
På Røisheim finn du ladestasjon for EL-bil, både for Tesla og andre EL-bilar. Her finn du 3 ladestasjonar.

Røisheim er ope frå mai til oktober. Unn deg ei ekte og eksklusiv oppleving i Jotunheimen. Velkommen!

Kontakt:
Røisheim Hotel
N-2687 Bøverdalen
Tel: +47 61 21 20 31
Faks: +47 61 21 21 51
E-post: booking@roisheim.no
Internett: www.roisheim.no

Fasiliteter

Annen overnatting

  • Middag - familie
  • Middag - grupper
  • rom inkl. frokost

Kart

Veibeskrivelse

Røisheim ligg ved Sognefjellsvegen omlag 15 km vest for Lom og er ein naturleg stoppestad på vegen mellom Lom i aust og Luster i vest. Sognefjellsvegen er Noregs høgste fjellovergang og vegen er vinterstengt til omlag 1. mai. Vegen frå Lom til Røisheim er alltid ope.

Opningstider

* Ope i sesong

Sjå meir

Galdhøpiggen 2469 moh. - Norges høgaste fjell, Lom"Noreg sitt tak" ligg 2469 meter over havet i Lom kommune. Fjellet heiter Galdhøpiggen, og er og den høgaste toppen i Nord-Europa!

Røisheim hotel in Bøverdalen, Lom - Jotunheimen. Photo: Mari Arnøygard WedumRøisheim hotell | Restaurant, LomRøisheim hotell er ein gamal verna skysstasjon (frå 1858) med ei heilt unik atmosfære og eit berømt kjøkken. Måltid i gourmet-klassa høyrer med til opplevinga. 

Turtips: Fottur til Knippen, LomTuren til utsiktspunktet Knippet går oppover langs ein tydeleg skogssti, og gir utsikt over Bøverdalen.

Turtips: Spiterstulen til Juvasshytta via Heimresætre, LomTuren til utsiktspunktet Juvasshytta frå Visdalen går oppover langs ein tydeleg skogssti, i frodig terreng.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no