Topptur på ski: Veslbreatinden (2092 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Leirdalsvegen, Leirdalsvegen, 2686, Lom

+4761212990

Topptur_Ove Nestvold
  • Topptur_Ove Nestvold
  • Product Image

Om

TOPPTUR TIL VESLBREATINDEN (2092 m.o.h.) 

Veslbreatinden gjev skikøyring i særklasse over snøsikker bre.

Beste utgangspunkt: Geitsetre i Leirdalen
Høgdeforskjell: Ca. 1100 meter
Tid:  5–7 timer, hvorav ca. ½ time retur
Ver obs på: Skredfare frå Storbreahøes nordvegg. Store bresprekker oppunder Veslbreatindens nordside.
Utstyr: Normalt toppturutstyr og skarejern. Breutstyr må vurderes
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée, snowboard og fjellski.
Klassifisering:
Opp: Enkel
Ned: Enkel
Vegval: Logisk, noko vurderings- og navigasjonskrevande
Brattaste parti: 30°

Frå Leirdalen, kryss elva Leira på ein sikker stad og følg det bølga terrenget oppover mot Veslbrean mellom Skagsnebb og Storbreahøe. Er det ingen sikre snøfelt å finne, er elva flat og normalt grei å krysse/vasse ca. 1,5–2 km ovanfor Geitsetre. Alternativet er å gå over Geitbrua, og følgje elvas vestside oppover.

Sikt deg inn på breen, og hald litt til høgre for å ha god avstand til den skredutsette nordveggen på Storbreahøe. Her går det ofte store skred som sklir eit stykke utover i det slake terrenget under. Følg deretter breen oppover, og hald til høgre når breen etter kvart bratnar til før toppen. Rund til venstre mot toppen og følg det slake terrenget til topps.

Enkelte vel å avslutte turen på Hurrbreatinden, noko som òg er eit bra alternativ sjøl om det gir ca. 30 høgdemeter mindre nedkøyring. Det er ofte flott og leiken skikøyring i det bølga terrenget ned mot Leira. Alternativet er å køyre nærmare Skagsnebb si austside, og på den måten oppnå noko brattare skikøyring attende til Geitsetre.

VIKTIG INFORMASJON
Kryssing av elv: Om våren vert elva Leira kryssa av mange, ofte på små område der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierar frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå riksvei 55. Det er normalt greit å parkere på vegskuldra og naturlege «lommar» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no