Topptur på ski: Veslfjelltinden (2157 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

2686, Lom

+4761212990

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

TOPPTUR TIL VESLFJELLTINDEN (2157 m.o.h.) – Enkelt tilgjengeleg skifjell med høve til bratt køyring.

Beste utgangspunkt: Geitsetre i Leirdalen
Høgdeforskjell: Ca. 1160 meter
Tid:  5–7 timer, hvorav ca. ½ time retur
Ver obs på: Skredfare frå Veslfjelltinden sin nordvegg, samt utløpssoner på begge sider av dalen oppover. Ferdsel på bre og moglegheit for sprekkar på Hurrbrean. Turen er 30 grader på sitt brattaste.
Utstyr: Normalt toppturutstyr. Breutstyr må vurderes
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée, snowboard og fjellski
 

Veslfjelltinden er del av fjellmassivet nord for Smørstabbtindane, kor toppane ligg på rekke og rad. Toppen ligg i bratte omgjevnader, men du kan komme deg trygt til topps itan å vere innom eksponert terreng. 

Turen startar i Leirdalen i Lom (vegen som går inn mot Leirvassbu turisthytte frå Fv. 55 Sognefjellsvegen).  Kryss elva Leira ved Geitbrua, og følg det ca. 25 grader bratte terrenget oppover. Området mellom Hurra og moreneryggen på venstre side er normalt lettgått. Over Hurrbrean må du sjå opp for eit sprekkområde midt på breen, der passering på sørsida normalt vil vere det sikraste. Den enklaste og mest vanlege bestigninga er å følgje breen heilt til bandet mot Hurrbreatinden, og gå det slake terrenget til topps. Eit anna alternativ er å gå Hurrbrean inn mellom toppen og Loftet, og deretter følgje den bratte ryggen til topps frå nord. Ver merksam på at dette alternativet er meir skredeksponert frå Veslfjelltinden si nordside. 

Det er òg enkelt å gå bortom toppen på Hurrbreatinden og evt. Veslbreatinden etter at du har vore på Veslfjelltinden, om du ynskjer å plukke med deg fleire 2000-meterstoppar før du køyrer ned att. 

Nedkøyring same veg som bestigning, der det er viktig å unngå sprekkområdet midt på Hurrbrean. Veslfjelltinden er et fjell som kan køyrast på fleire sider. For skiklatrarar og brattkøyringsentusiaster er det populært å bestige/køyre renna på fjellet si sørside. Denne er ca. 45 grader på det brattaste. Toppen er òg populær som rundtur med start frå Jotunheimen Fjellstue, via toppen av Loftet og deretter klyving over til Veslfjelltinden på eit bratt snøfelt. Deretter nedkøyring på ski over Hurrbrean ned til Geitsetre. Dette er eit alternativ som er like flott båe vegar, og som gjev omtrent like mange høgdemeter.

VIKTIG INFORMASJON
Kryssing av elv: Om våren vert elva Leira kryssa av mange, ofte på små område der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierar frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå riksvei 55. Det er normalt greit å parkere på vegskuldra og naturlege «lommar» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

Sjå meir

Topptur på ski: Veslbreatinden (2092 m.o.h.), LomTOPPTUR TIL VESLBREATINDEN (2092 m.o.h.) – Skicruising i særklasse over snøsikker bre

Topptur på ski: Loftet (2170 m.o.h.), LomTOPPTUR TIL LOFTET (2170 m.o.h.) – Lett tilgjengeleg og populært skifjell på Sognefjellet.

Topptur på ski: Langtur om Storbreatind, Hurrbreatind, Veslfjelltind og Loftet, LomTOPPTUR TIL STORBREATIND, VESLBREATIND, HURRBREATIND, VESLFJELLTIND OG LOFTET. Spektakulær langtur i det vakraste lanskapet Jotunheimen kan by på!