For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Langtur om Storbreatind, Hurrbreatind, Veslfjelltind og Loftet

TypeTopptur vinter

Sognefjellsvegen 4688, 2687, Bøverdalen

+4761212990

Ove Nestvold

Om

Om du er i god form, og har lyst på ei ekstra utfordring, har du frå Sognefjellet ei unik muglegheit til å bestige fleire 2000­-meterstoppar på same turen, og avslutte med ei fantastisk nedkjøring på ca. 1200 høgdemeter.

Beste utgangspunkt: Krossbu eller Sognefjellshytta
Høgdeforskjell: Omlag 1200 meter.
Antatt tidsbruk: 8 til 10 timar tur-retur
Ver obs på: Skred- og utglidingsfare.
Utstyr: Normalt toppturutstyr + isøks, stegjern og skarejern.
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark og randonnée. 
Vanskelighetsvurdering:
Opp:  Krevande
Ned: Krevande

Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevjande. Gode snøforhald og vurdering av rasfare er ein føresetnad.
Toppar: Storebreatind 2018 moh, Veslbreatind 2092 moh, Hurrbreatind 2064moh., Veslfjelltind 2157 moh. og Loftet 2170 moh.

Heile 5 toppar får du med deg på denne traversen, og du får med deg det aller meste som ein vinterdag i Jotunheimen kan by på. Her er det ein fordel med kraftig skiutstyr, gode ferdigheiter og god form.

Start oppover frå Krossbu, langs breelva Leira. Det er moderat stigning her i starten, og terrenget er lett å gå i. Etter kvart flatar løypa noko ut, og du nærmar deg Leirbreen, som er ein arm av Smørstabbreen. Her oppe på flata innunder breen, ligg deg eit lite vatn framom breporten. Dette skal du runde på venstre side, og peile deg bort på det lågaste og enklaste punktet på ryggen nordafor. Opp denne kneika, ser du godt dagens første topp, Storbreatind 2018 moh. Hald deg bortover etter høgre side av Leirvatnet og opp på lågaste punktet mellom toppen og ryggen opp til Store Smørstabbtind. (Om du er i superform, kan denne også takast med på denne topp­frotsinga). Drei deretter ut til venstre og opp mot sjølve toppen. Enkel manøvrering her. Utsikta på toppen er som vanleg råfin!

Følg så deretter det naturlege draget viare nordvestover til Veslbreatind 2092 moh. Utsikta er fortsatt heilt rå! Etappa mellom Veslbreatind og Hurrbreatind er stutt og enkel, og følger det naturlege draget mellom desse. Hurrbreatind ligg 2064 moh. Fortset så viare med å sleppe deg ca 100 høgdemeter ned før det stig på nytt opp mot Veslfjelltind på 2157 moh. Lett å manøvrere etter ei rute som seier seg sjølv så langt. Men, ein viktig ting å tenke på her, er å ikkje halde for langt ut på kanten mot Leirdalen. Det er nemleg hengande skavlar godt som heile vegen bortover denne ruta.

For mange kan turen avsluttast her, og ein tek da returen etter same løype som oppturen. Men, om du er i bra form, og vêr-  og føreforhalda er gode, kan du forsette til enda ein topp, nemleg Loftet 2170 moh. Vel du å gjera dette, får du nå plutseleg ein anna turkjensle, for nå blir det det meire spenstig. Frå Veslfjelltind til Loftet går det nemleg ein smal og noko luftig rygg. Denne vil eg anbefale berre om føret er bra, og du har vore ute på liknande turar før. Ingen nybyrjartur dette altså. Med stor forsiktigheit passerast denne ryggen, og det blir bratt opp på andre sida. Etter kvart utvidar det store Loftet seg, og du kjem opp på platået og fram på den store fine varden. Nå er du heilt sikkert mett av både det eine og andre, etter ein drug tur over fleire toppar og med ei siste bratt stigning. Ta deg derfor ei skikkeleg pause her før du snører skiskoa for den avsluttande og artige siste etappa, nemleg cruisinga ned frå 2170 meter til Bøverkinnhalsen på 1000 moh.

Stak deg i gang nord/nordaustover, og slepp deg ned flanka mot Vesl­loftet. Fint terreng her, men ofte noko skavlete. Sving så til venstre på flata før Veslloftet, og ned ein lita bratt knekk til du kjem ned på ein liten pall. Her dreier du til høgre, og sklir utover mot Langranden. Denne kjøres da litt ut på høgre side ned att til Bøverkinnhalsen. Dette er ein fantastisk tur, som kan gjerast på fleire måter. Du kan avslutte når som helst, og returnere til Sognefjellet, eller du kan gå turen helt ut til Loftet, via smalryggen, og få betaling for det med ein ekstra topp og Jotunheimens kanskje finaste cruising­nedfart. Hugs på å ha ein bil ståande på Bøverkinnhalsen, viss ikkje blir natta lang! Valet er ditt!

Rådfør deg gjerne med kjente fjellfolk for du tek turen.

Beskrivingane av turane frå Sognefjellet er skrive av fjellførar Kjell Nyøygard. For den som ynskjer dagsferske rapportar, ta kontakt på www.fjellforer.blogspot.no

Turrapportar
www.peakbook.org

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.