For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Sokse (2189 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Leirdalsvegen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

  • Topptur til Sokse
  • Toppen Sokse. Foto: Ingvild Øyjordet
  • Toppen Sokse. Foto: Ingvild Øyjordet
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Den karakteristiske toppen Sokse er ein del av Smørstabbtindane. Med snøklatring i 45 graders renne og utfordrande lineval for nedkøyring er dette ein tur der røynsle og trygg ferdsel må vera i høgsetet.

Beste utgangspunkt: Leirvassbu eller Leirdalen (Sletthamn)
Høgdeforskjell: Ca. 1200 meter fra Geitsetre. Ca. 1000 meter fra Breabakkan
Antatt tidsbruk: 7–10 timer, der 1-2 timer er retur
Ver obs på: Utglidningsfare frå toppunktet og i renna. Tidvis skredfare frå Geite. Til dels store sprekkar på Bjørnbrean
Utstyr: Normalt toppturutstyr + isøks, stegjern og hjelm. Bre- og sikringsutstyr må vurderast.
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark og randonnée. Lang anmarsj og flate partier gjer turen lite eigna for snowboard.
Vanskelighetsgrad:
Opp: Krevande
Ned: Krevande
Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevande
Brattaste parti: Ca. 45° mellom 2000 og 2189 moh.

Sokse eller Saksa som den og kallast, er ikkje blant dei mest typiske skifjella i Smørstabbtindmassive. Den har ingen enkle sider å bestige, og om nokon av sidene i det heile teke let seg køyre ned att på ski, så er det den stupbratte renna på fjellets vestside. Men renna er lite eigna til skikøyring, og utbredt skikøyring vil føre til at det trange midtpartiet skrapast fritt for snø. Sokse er likevel kanskje områdets mest spektakulære bestigning.

Hovudtoppen ligg 2189 meter over havet, mellom toppane Store Smørstabbtinden, Kniven og Sauen på den eine sida, og Bjørnskaret og Veslebjørn og Skeie på den andre sida. 

Med Leirvassbu eller vegen i Leirdalen som utgangspunkt, har du fleire alternativ. Om du kjem frå Leirvassbu, kryssar du fyrst Leira på trygg stad. Deretter kryssast Tverrbyttbekken ved Rundhøe, og du fortsett på skrå oppover terrenget sin hylleformasjon mot høgdemerket med 1644 m.o.h. på kartet. Er det skredfare frå Geite vil ein tryggare oppstigning vera å fylge Tverrbyttbekken lenger innover mot Tverrbyttjønne, og heller bestige Bjørnbrean fra søraust. Fylg den midtre lina av breen eit stykke oppover, før du skrår over mot høgre og sett kursen mot Bjørnskardet. Etter å ha passert Bjørnskardet traverserar du inn i renna ca. 180 høydemeter fra toppunktet. Dei fleste vel å sette att skia her. Nederste del av renna er ca. 40 grader bratt, før den bratner til enda mer i midtpartiet. Her er renna på sitt trangaste, og den har ofte overhengende snø og is i veggen på høgre side. Her må det visast aktsemd.

Om du startar turen i Leirdalen, og parkerer langs vegen eller oppbrøytt parkeringsplass på Sletthamn, er det eit fint alternativ å følge Storbrean oppover - og fyrst gå opp i Skaret mellom Sokse og Kniven (Sauen), og deretter runde rundt Sokse mot venstre på nedsida til du kjem fram til starten på renna. 

Ofte lagar smeltedrypp fra det overhengande partiet ein issvull der renna er på sitt bratteste. Stegjern og isøks er ein fordel. Det er òg lurt å ha på hjelm oppover renna, for å beskytte seg mot evt. snø og is som dett ned. Etter renna forserast dei siste høgdemetera opp ein bratt og luftig rygg, der underlaget tidvis kan vera hardt. Stegjern og isøks kan også her koma godt med. Nedstiginga må gjerast med stor grad av aktsemd. Etter å ha passert renna er det fleire nedkøyringsmoglegheiter i ulike retningar.

Toppen er flott å bestige som del av ein rundtur, og det er stutt veg opp til både Bjørnungen, Sauen og Kniven, som ligg ved sidan av. Ein mogleg rundtur er å gå opp på Sauen og køyre Storbrean attende til Leirdalen.

VIKTIG INFORMASJON
Kryssing av elv: Om våren vert elva Leira kryssa av mange, ofte på små område der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierar frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå fv. 55. Det er normalt greit å parkere på vegskuldra og naturlege «lommar» i terrenget.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Sjå meir

Ski mountaineering Storebjørn JotunheimenTopptur på ski: Storebjørn (2222 m.o.h.) frå Sognefjellet, LomTOPPTUR TIL STOREBJØRN (2222 m.o.h) Storebjørn er ein av dei mest populære toppturane i Jotunheimen. Bakfrå ser fjellet ut som ein sovande bjørn, og utsikta frå toppen er heilt rå! 

Topptur på ski: Kniven (2133 m.o.h.), LomTOPPTUR TIL KNIVEN, 2133 m.o.h. Ein kvass topp i Smørstabbtindmassivet i Jotunheimen.

Topptur på ski: Store Smørstabbtinden frå Krossbu (2208 m.o.h.), LomStore Smørstabbtinden (2208 m.o.h.) er eit nydeleg toppturfjell med majestetisk utsyn til Smørstabbtind-massivet. Denne turen går utanom bre!

Topptur på ski: Sokse frå Krossbu (2189 m.o.h.), LomSokse (2189 m.o.h.) er ein spennande toppturtopp i Smørstabbtindmassivet.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no