For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Topptur på ski: Kniven (2133 m.o.h.)

TypeTopptur vinter

Leirdalsvegen, 2687, Bøverdalen

+4761212990

  • Topptur på ski til toppen Kniven
  • Toppen Kniven i Jotunheimen. Foto: Ove Nestvold
  • Store Smørstabbtind og Kniven sett frå Leirbrean. Foto: Ingvild Øyjordet
  • Product Image

Om

Mange av dei spisse og markante toppane i Smørstabbtindmassivet mellom Jotunheimen og Sognefjellet, har fått namn etter kjøkenredskap dei liknar på. Kniven (2133 moh.) er ein av dei, ein kvass topp sør for Store Smørstabbtinden. 

Beste utgangspunkt: Geitsetre eller Breabakkan i Leirdalen
Høgdeforskjell: Ca. 1130 meter
Antatt tidsbruk: 6–8 timer, der ½-1 time er retur
Ver obs på: Luftig toppunkt. Utglidningsfare på hardt underlag
Utstyr: Normalt toppturutstyr + skarejern og isøks. Breutstyr må vurderast. Fjellstøvler og/eller stegjern gjer bestigninga av de siste 100 høgdemetera enklare
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark, randonnée og Snowboard. Fjellski er best fra Krossbu 
Vanskelighetsgrad:
Opp: Krevande øvste 100 høgdemeter
Ned: Krevande øvste 100 høgdemeter
Vegval: Vurderings- og navigasjonskrevende
Brattaste parti: 30°

Turen startar ved å kryses elva Leira på sikker stad i området kring Breabakkan. Fylg det bølga terrenget oppover mot Storbrean, og deretter breen oppover i retning Sokse. På ca. 1640 meters høgde bratner breen til, og det kan være behov for å traversere ca. hundre høgdemeter i terreng som er opp mot 30 grader bratt. Etter dette flatar breen ut, og du siktar deg inn på bandet mellom Sokse og Sauen (2077 moh.). Sauen framstår i større grad som ein sadel mellom Sokse og Kniven enn som ein eigen fjelltopp.

Oppe på Sauen starter nokre spennande vurderingar. Det er mogleg å droppe ut fra Sauen mot nordaust og ned på Storbrean. Her er det småklipper som gjev dropphøgde fra 6 til 10 meter avhengig av snømengde på breen. Alternativet er å gå rundt – ein omveig på nokre minutt. For å bestige Kniven må skia leggast att i skaret mellom Sauen og Kniven, og på vei opp til toppen må ein klyve opp ein liten vegg på 3–4 meter. Denne er ikkje spesielt krevande, men kan vere litt vrien med skistøvlar. Følg deretter ryggen til topps, men ver merksam på utglidningsrisikoen.

Skituren attende att over Storbrean fylger primært same rute som opp, men Storbrean er ein isbre som innbyr til individuelle lineval. For andre alternativer, se beskriving av tur til Store Smørstabbtinden.

VIKTIG INFORMASJON
Kryssing av elv: Om våren vert elva Leira kryssa av mange, ofte på små område der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierar frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Meir info? Alle turbeskrivingar frå Leirdalen er skreve av Per-Arne Andersen, og er henta frå boka «På tur – Leirvassbu». Kart med inntegna ruter kan kjøpast på Leirvassbu.

Kart

Veibeskrivelse

Veibeskrivelse til kollektivtransport

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå riksvei 55. Det er normalt greit å parkere på vegskuldra og naturlege «lommar» i terrenget.

 

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no